Statt torsk oppdrettsanlegg foto statt torsk
KURSFALL: Med dagens kurs er torskeoppdrettselskapet Statt Torsk verdsett til 230 millionar kroner. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Botnrekord for Statt Torsk

Statt Torsk-aksjen har falle 67 prosent i verdi sidan toppen.

30.03.2023

Rett etter børsnotering i april 2021 vart Statt Torsk handla til 3,3 kroner aksjen. Torsdag var kursen 1,085, som er den lågaste sluttkursen selskapet har hatt.

Trenden har peika nedover for aksjekursen heile vegen og til og med skote fart sidan slutten av november i 2022. I dag fall kursen 11,79 prosent og gjorde selskapet til børstapar på Nordvestlandet.

Statt Torsk driv torskeoppdrett på Nordvestlandet. I desember i fjor henta selskapet 40 millionar kroner i ny eigenkapital til 1,70 kroner aksjen, og ytterlegare tre millionar kroner i ein retta emisjon til same kurs tidleg i januar i år.

I den andre enden av skalaen torsdag er Havila Shipping, med ein kursauke på 13,29 prosent, til 16,20 kroner aksjen. Det er opp 30,86 prosent sidan årsskiftet, men godt under å kursrekorden hittil i år, på 22,35 kroner aksjen, frå 23. januar .

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 16,20 13,29 %
Endúr 44,44 5,82 %
Hexagon Composites 34,12 5,57 %
Salmon Evolution 8,13 5,04 %
Sparebanken Møre 77,88 3,73 %
Norva 24* 29,00 3,20 %
Hav Group 10,98 1,67 %
Hexagon Purus 25,68 1,50 %
Golden Energy Offshore Services 1,06 0,95 %
Arctic Bioscience 11,00 0,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,18 0,00 %
Atlantic Sapphire 5,66 -0,53 %
Nortel 30,00 -1,32 %
Hofseth Biocare 2,70 -3,23 %
Havila Kystruten 9,48 -5,67 %
Statt Torsk 1,085 -13,89 %
*Svenske kroner

Publisert: 30.03.2023 17:04

Sist oppdatert: 30.03.2023 18:30

Mer om