Aksjekursen til Norva24 steig måndag 57,83 prosent etter at investeringsselskapet Apax Fund kom med eit bod på selskapet.
Bodet er på 36,50 svenske kroner per aksje. Det verdset selskapet til 6,6 milliardar svenske kroner. Då børsen stengte fredag ettermiddag i førre veke var kursen 23 kroner aksjen.
Målet til Apax Fund er å få ja frå eigarane av over 90 prosent av selskapet, og ta Norva24 av børs.
Alle dei største aksjonærane - som til saman kontrollerer 57 prosent av aksjaken - har sagt ja til å selje, ifølgje ei børsmelding. Mellom dei fleire fleire større investorar i Stryn.
Det omfattar Valedo Partners Fund II AB, Nordstjernan Aktiebolag, Briarwood Chase Management LLC , Invest24 AS and AHB Invest AS, ifølgje ei børsmelding.
Millionverdiar til Stryn
Norva24 spring delvis ut av industrimiljøet i Stryn og selskapet Septik24.
Gjennom ei rekkje samanslåingar og oppkjøp - og ved å få det svenske investeringsfondet Valdeo Fund Partners II inn som storaksjonær - er Norva24 i dag eit internasjonalt selskap
Dei har spesialisert seg på vedlikehald og utbetring av infrastruktur under bakken.
Stryn-selskapa Invest 24 og AHB Invest eig høvesvis 12.519.326 (6,9 prosent) og 1.829.095 (ein prosent)) aksjar i Norva24. Det utgjer 460 millionar svenske kroner for Invest 24 og 67 millionar svenske kroner for AHB Invest.
Millionar til Stryn
Invest 24 har tre eigarar som eig kvar sin tredjepart; selskapa AHB Invest, Isco og JKT Birkeland Invest.
Dei to første har adresse i Stryn. AHB Invest eir eigd av Arild Bødal og familie, Isco av Ivar Loen Sandbakk, Jan Erik Sandbakk, Malvin Ivar Sandbakk og Kristian Sandbakk.
–Det er på ein måte litt vemodig. Samstundes er det ei fjør i hatten at vi har fått det til, seier Arild Bødal til Nett No.
Fristen for resten av Norva24-eigarane til å ta stilling til bodet er i starten av mai, ifølgje børsmeldinga.
Obligasjonslån
I ei børsmelding skriv Hofseth Biocare at selskapet testar om det er råd å ta opp eit treårig usikra obligasjonslån på inntil åtte millionar sveitsisk franc - knappe 100 millionar kroner etter dagens kurs. At lånet er usikra betyr at långivarane ikkje har pant i noko Hofseth Biocare eig.
Målet er å få med investorar i Sveits og Lichtenstein, men også norske investorar kan bli invitert til å vere långivarar, ifølgje børsmeldinga.
Det er selskapet Novum Asset Management AG som har fått jobben med å finne potensielle investorar som vil vere långivarar.
Meldinga har ingen detaljar om kva renta blir på obligasjonslånet, og om det eventuelt skal vere råd å gjere lånet om til aksjar. Meir informasjon blir gitt seinare, ifølgje børsmeldinga.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstoff til produkt som blir brukt i helsekost og kjæledyrfôr. Selskapet arbeider og med å utvikle legemiddel.
Hovudkontoret ligg i Ålesund, fabrikkane i Midsund og på Berkåk.
I 2024 hadde Hofseth Biocare 265,5 millionar kroner i inntekt og eit resultat før skatt på minis 123,4 millionar kroner.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Norva 24 Group* | 36,25 | 57,61 % |
Golden Energy Offshore Services | 17,55 | 3,24 % |
Havila Shipping | 1,33 | 1,22 % |
Havila Kystruten | 0,89 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | 126,90 | 0,00 % |
Hav Group | 5,42 | -1,09 % |
Sparebanken Møre | 98,08 | -1,92 % |
Hexagon Composites | 23,60 | -2,28 % |
Endúr | 69,60 | -2,38 % |
Salmon Evolution | 6,05 | -3,20 % |
Hexagon Purus | 1,72 | -4,33 % |
Arctic Bioscience | 3,80 | -5,94 % |
Atlantic Sapphire | 4,82 | -6,46 % |
Hofseth Biocare | 2,29 | -7,29 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 10.03.2025 08:43
Sist oppdatert: 11.03.2025 11:24