Arild Bødal Norva24 2023 foto Ogne
STARTA I STRYN: Stryn er utgangspunktet for det internasjonale Norva24-konsernet, der Arild Bødal er ein medeigarane og medlem i styret. Dei opphavleg inititiatvtakarane eig i overkant av 10 prosent i selskapet: Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har bygd milliardkonsern frå Stryn

For kring ti år sidan vurderte Arild Bødal og partnarane tre alternativ for selskapet. Dei valde det mest ambisiøse.

11.04.2023

I fjor hadde Norva24-konsernet 2,5 milliardar kroner i driftsinntekter og siktar mot 4,5 milliardar kroner i 2025.

I 2013/2014 var Septik24, eit selskap som opererte i Sør-Noreg, med base i Stryn og Sløvåg i Sogn og Fjordane og rundt 350 millioner kroner i driftsinntekter.

I dag har det vekse til eit internasjonalt konsern, med datterselskap og avdelingar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.

Opphavleg var det tre eigargrupperingar - Arild Bødal, Sandbakk-familien i Stryn og Birkeland-familien i Sogn og Fjordane. No er det eit børsnotert selskap med over 2200 aksjonærar, over 1200 tilsette og ein børsverdi på 5,3 milliardar kroner.

- Ein underliggande ambisjon var å teste ut om det vi hadde var godt nok til å bygge vidare på, seier Arild Bødal om kvifor dei gjekk for det mest ambisøse alternativet - å satse internasjonalt.

180 arbeidsplassar i Stryn
Rundt 180 personar i Stryn har arbeid i tre bedrifter som spring ut av det same miljøet og med delvis same eigarar.

Det er Norva24, gassbehaldar - og spyleveskeautomatprodusenten Vendanor og den mekaniske industribedrifta Nomek. Nomek både byggjer og vedlikeheld utstyret på Norva24-bilane og utviklar dei i samarbeid med Norva24.

I lokalsamfunnet opplever Bødal anerkjenning, men frå regjeringshald er han usikker. Den auka formuesskatten skaper hovudbry.

- Vi må sikre at vi har likviditet til å betale formuesskatten, seier han.

Konsekvensen er at meir merksemd blir retta innover, i staden for mot å utvikle selskapet.

- Eg hadde aldri trudd vi skulle oppleve dette med Senterpartiet så sterkt inne, seier Bødal.

Hadde tre alternativ på bordet
Konsernet si hovudverksemd er vedlikehald av infrastruktur nede i bakken, som vass- og avløpsanlegg

Det er ein bransje i konsolidering, og Norva24 har sett seg i førarasetet i konsoldieringsprosessen,

Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
UNDER BAKKEN: Infrastrukturen under treng inspeksjon og vedlikehald. Det gir milliardinntekter til Norva24. Foto: Norva24

Bødal, Sandbakk-familien og Birkeland-familien hadde lyst til å ta teknologien og it-systema dei hadde utvikla i Septik24 vidare og ut over eiga bedrift. Dei meinte dei sat med ei plattform av prosessar, teknologi og kunnskap, som gjorde at dei kunne drive betre og billegare enn det som var standard i bransjen.

Éi av årsakene er medeigarskapen i den mekaniske industribedrifta Nomek i Stryn , som både byggjer, leverer og vedlikeheld utstyr til bransjen på Norva24 driv i.

Tre alternativ låg på bordet, slik dei såg det:

  1. Halde fram som før, med det dei hadde.
  2. Vekse i Noreg.
  3. Satse internasjonalt.

- Vi gjekk einstemmig for alternativ tre, seier Bødal.

Mange friarar - valte svensk fond
Det mangla ikkje på moglege partnarar.

- Vi hadde 16 fond og industrielle aktørar som var interessert, seier han.

Prosessen med å velje rette partnar tok omlag eit halvt år.

I 2015 kom det svenske investeringsfondet Valedo inn og blei største aksjonær.

I tillegg til at dei fekk gode skussmå,l hadde Valedo allereie byrja å tenkte i same baner som Bødal og eigarfamiliane i Norva24, og gjort sine første oppkjøp i bransjen.

Difor blei største aksjonær svensk, medan Septik 24 og Stryn-miljøet vart ei plattform for den vidare satsinga.

Modellen Norva24 har vekse etter har vore den same heile vegen. Når nye selskap blir kjøpt får eigarane og nøkkelpersonane der vere med som både drivarar og medeigarar i Norva24. Poenget med denne modellen er mellom anna å sikre eit motivert leiing i selskap som blir innlemma i konsernet.

Børsnotering synleggjorde verdiar
I slutten av 2021 vart Norva24 børsnotert. I Stockholm. Norva24 hadde vakse seg ut av storleiken Valedo har på investeringane sine, og børs var eit godt alternativ for ein exit.

- I 2021 var det eit godt klima for børsnoteringar, seier Bødal.

Grunnen til at det blei Stockholm og ikkje Oslo Børs, er at Norva24 vurderte at det er ein større utval selskap med samanfallande kriterie i Stockholm.

Det ville både gi betre analytikardekning og større interesse blant investorane.

Børsnoteringa gjorde verdiane til Bødal, Sandbakk-familien i Stryn og Birkeland-familien meir synleg.

Gjennom selskapet Invest24 - der dei eig ein tredjepart kvar - eig dei 6,58 prosent i Norva24 og er fjerde største aksjonær. I tillegg eig Birkeland-familien 1,61 prosent gjennom eit eige selskap, Sandbakk-familien 1,21 prosent og Arild Bødal ein prosent. Tilsaman er det snakk om Norva24 aksjar for over 530 millionar kroner etter dagens kurs.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Publisert: 11.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.04.2023 17:27

Mer om