Onsdag la Salmon Evolution fram sin rapport for tredje kvartal, som mellom anna viste at selskapet var i rute med å planlegge byggesteg nummer to av sitt landbaserte oppdrettsanlegg.
Samtidig viste rapporten at underskuddet auka samanlikninga med same periode i fjor.
Investorane reagerte med å sende aksjen ned med 2,58 prosent til drygt seks kroner aksjen. Det var dagens største fall av selskapa frå Nordvestlandet.
Eqva rapporterte også tal for tredje kvartal tidleg onsdag, men aksjen stod uendra på 2,70 kroner aksjen då handelen var over.
Lerøy var eit anna selskap som la fram kvartalsrapport onsdag. Investorane sende også denne aksjen ned med 5,41 prosent til 41,62 kroner aksjen.
Onsdagens børsvinnar av selskapa frå regionen blei – som dagen føre - Statt Torsk.
Selskapet melde tysdag kveld at fusjonsplanen med Vesterålen Havbruk er godkjent av styra i dei to selskapa. Om alt går etter planen, blir aksjen stroke frå børsen etter at generalforsamlinga har gitt grønt lys den 18. desember.
Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp med 0,25 prosent til 1306,40 poeng.
Sjå børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Statt Torsk | kr 0,70 | 6,06 % |
Hexagon Purus | kr 11,66 | 4,29 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,26 | 3,61 % |
Hexagon Composites | kr 26,36 | 3,54 % |
Norva 24 Group* | 19,14 kr | 3,24 % |
Endúr | kr 43,90 | 1,15 % |
Arctic Bioscience | kr 8,50 | 0,24 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,25 | 0,16 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,70 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | kr 76,48 | -0,18 % |
Havila Kystruten | kr 0,80 | -0,25 % |
Hofseth Biocare | kr 2,64 | -0,38 % |
Havila Shipping | kr 6,35 | -0,63 % |
Hav Group | kr 9,00 | -2,17 % |
Salmon Evolution | kr 6,03 | -2,58 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 15.11.2023 17:26
Sist oppdatert: 15.11.2023 17:29