Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
Erik Høyvik er sjef for Eqva og arbeider ut frå hovudkontoret i Fosnavåg. Med unntak av verftet ved Sognefjorden er resten av verksemda i Bergen og Sunnhordaland. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meir lønsamt utan verft

Eqva kan bokføre gevinst på verftsalg.

15.11.2023

Når datterselskap som eig skipsverftet Havyard Leirvik ikkje blir medrekna blir driftsinntektene til Eqva - tidligare Havyard Group - redusert frå 579 millionar kroner hittil i år til 472 millionar. Driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) aukar derimot, frå 8,7 til 22,5 millionar kroner.

Eqva har avtalt å selje datterselskapa som eig skipsverftet Havyard Leirvik ved Sognefjorden til tyrkiske Tersan Shipyard for 30 millionar kroner og skrive i kvartalsrapporten at salet gir ein gevinst i høve til bokførte verdier. Gevinsten blir bokført i fjerde kvartal.

Les børsmelding her

Tyngdepunkt i Sunnhordland
Eqva er resultatet av at storparten av verksemda i Havyard Group blei skilt ut og lagt inn i Hav Group, før Hav Group blei børsnotert.

Det som låg att i Havyard Group var i hovudsak skipsverftet ved Sognefjorden, Havyard Leirvik.

I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane i Havyard Group - som etterpå skifta namn til Eqva.

Transaksjonen gjorde og at storparten av aktiviteten Eqva-konsernet foregår datterselskap i Sunnhordland og Bergen. Når verftet i Leirvik er seld er det berre hovudkontoret i Fosnavåg der selskapet har tilsette nord for Sognefjorden.

Eqva ASA
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner
20232022
Driftsinntekt579,2261,6

Driftsresultat

0,5-14,8
Resultat før skatt-21,5-39,4

Publisert: 15.11.2023 07:30

Sist oppdatert: 15.11.2023 07:33

Mer om