Havila capella ladetårn trondheim foto kjetil 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TIL RETTEN: Engelsk rett skal avgjere om Havila Kystruten får konktrollen over eigarskapen til Havila Capella (biletet) og kan sette fartøyet i drift igjen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Det meste peika nedover

Varsel om rettsak utløyste ikkje kursfall. Tvert i mot, sjølv om det meste ellers fall på Oslo Børs.

16.06.2022

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,58 prosent, eit fall som blei forsterka mot slutten av dagen etter at børsen i New York opna ned i ettermiddag, norsk tid.

Så godt som alle bransjeindeksar hadde minusteikn, og omlag 200 av omlag 260 selskapet fall i verdi på børsen i dag.

Den mest dramatiske børsmeldinga frå børsnoterte selskap på Nordvestlandet var det Havila Kystruten som stod for. Selskapet fryktar at det statseigde russiske finansieringselskapet som er formell eigar av fartøyet Havila Capella vil selge vidare gjelda knytt til fartøyet.

Havila Capella har ligge ved kai sidan 12. april i år, fordi det er råka av sanksjonane mot Russland. Før skipet er attende i drift er det berre ein kostnad for Havila Kystruten.

No har Havila Kystruten gått til retten i England for å få kontroll over skipet og sikre seg den formelle eigarskapen.

Det skal skje ved at retten bestemmer at Havila Kystruten kan kjøpe ut skipet frå finansieringsavtalen med det russiske selskapet, og sette betalinga inn på sperra konto. Der skal pengane stå til det russiske finansieringselskapet ikkje lenger er omfatta av sanksjonane - og slik det ser ut no kan det bli lenge til.

At russarane heller vil ha pengane rett i handa med ein gang er neppe noko å bli forbausa over, men det vil bryte sanksjonsreglane om Havila Capella går med på det.

Risikoen for at det ikkje går Havila Kystruten sin veg i retten er absolutt til stades. Kursutviklinga i dag tyder likevel på at investorane sette pris på at Havila Kystruten går til retten og får ei avklaring, og reknar sjansen for av selskapet skal vinne fram som større enn at det skal tape.

Kursen i Havila Kystruten var opp 1,64 prosent då børsen stengte i dag, samanlikan med sluttkursen i går.

Den kursutviklinga plasserte selskapet på topp blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i dag. Tre andre selskap hadde kursstiging, eitt sto stille og resten fall i verdi (sjå tabell).

Aller verst gjekk det ut over Havila Shipping med eit kursfall på 20,73 prosent.

I løpet av ei veke har Havila Shipping-kursen falle over 37 prosent, men har likevel mykje å gå på. Hittil i år er kursauken i offshorereiarlaget 234,40 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 18,6 1,64 %
Hofseth Biocare 3,79 0,80 %
Norva24 Group * 33,6 0,28 %
Hexagon Purus 27,82 0,22 %
Nortel 18 0,00 %
Sparebanken Møre 75,99 -0,38 %
Salmon Evolution 7,96 -2,33 %
Hexagon Composites 27,4 -2,91 %
Atlantic Sapphire 18,9 -3,57 %
Endúr 0,498 -4,23 %
Hav Group 13,84 -4,55 %
Statt Torsk 2,25 -4,66 %
Arctic Bioscience 14,15 -5,67 %
Golden Energy Offshore Services 2,2 -7,56 %
Havyard Group 4,2 -7,69 %
Havila Shipping 13,84 -20,73 %
*I svenske kroner

Publisert: 16.06.2022 16:56

Sist oppdatert: 16.06.2022 19:01