Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Onsdag vart ein dag utan dei dramatiske hendingane for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.
Investorane reagerte tilsynelatande heller ikkje på meldinga frå Havila Shipping ein dryg time før stengetid om at reiarlaget hadde fått godkjenning frå Finanstilsynet for eit prospekt til notering av nye aksjar.
Det er snakk om 251 millioner aksjar til ein pris på 0,25 øre.
Bakgrunnen er at 568 millionar av gjelda til reiarlaget skal konverterast til aksjar innan utgangen av året.
I oktober blei långivarane informert om anten å få oppgjer, eller forlenge sine uteståande lån under restruktureringsavtalen til reiarlaget. Prospektet som Finanstilsynet har godkjent, er også lagt ut på heimesida til reiarlaget.
Havila Shipping-aksjen blei uansett dagens tapar av selskapa frå regionen.
Hofsteh Biocare blei dagens vinnar med ein opptur på meir enn 13 prosent.
Hovudindeksen på Oslo børs fekk ein raud dag med ein tilbakegang på 1,1 prosent til 1429,9 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hofseth Biocare | kr 1,50 | 13,21 % |
Havila Kystruten | kr 0,74 | 10,12 % |
Hav Group | kr 6,98 | 0,29 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,10 | 0,11 % |
Sparebanken Møre | kr 92,00 | 0,08 % |
Endúr | kr 68,90 | -0,14 % |
Romsdal Sparebank | kr 122,74 | -0,39 % |
Norva 24 Group* | 28,65 kr | -0,87 % |
Salmon Evolution | kr 6,70 | -1,47 % |
Hexagon Composites | kr 45,05 | -2,17 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 19,45 | -2,75 % |
Arctic Bioscience | kr 1,92 | -4,00 % |
Hexagon Purus | kr 5,26 | -6,07 % |
Havila Shipping | kr 2,19 | -7,22 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 16.12.2024 16:58
Sist oppdatert: 16.12.2024 16:58