Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Hexagon Purus er mellom fleire selskap som blir trekt fram i Dagens Næringsliv som eit «skrekkabinett» ved inngangen av børsåret.
Fellesnemnaren at dei er i den sokalla fornybarmarknaden og har falle tungt så langt i år.
Avisa sin kommentator meiner lista er eit teikn på korleis 2025 vil bli for selskap som knapt har inntening, samtidig som det er stigande USA-renter og labre utsikter til børsfest.
Hexagon Purus-aksjen fekk ny botnnotering på måndag.
Onsdag var likevel selskapet vinnaren av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Sluttkursen på 4,48 kroner er ein oppgang på 4,19 prosent i løpet av dagen.
Hexagon Purus sprang i si tid ut av Hexagon Composites med hovudkontor i Ålesund. Verksemda er å lage lager tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.
Inntektene auka i løpet av fjoråret, men det same gjorde underskotet. Det positive for selskapet er at inntektene aukar mest.
Ein usikkerheit framover, er korleis marknaden for utsleppsfrie løysingar i USA blir påverka av at Trump tek over som president.
I januar 2021 var kursen til Hexagon Purus opp i over 80 kroner, men etterpå har det gått mest nedover og etter kvar topp har kursen falt lågare ned enn før.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Purus | kr 4,48 | 4,19 % |
Hofseth Biocare | kr 2,04 | 2,51 % |
Endúr | kr 65,40 | 2,03 % |
Norva 24 Group* | 25,95 kr | 1,96 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,08 | 1,11 % |
Hexagon Composites | kr 41,25 | 0,98 % |
Salmon Evolution | kr 6,56 | 0,77 % |
Sparebanken Møre | kr 93,57 | -0,16 % |
Romsdal Sparebank | kr 124,98 | -0,35 % |
Hav Group | kr 6,30 | -1,56 % |
Havila Shipping | kr 1,58 | -2,70 % |
Havila Kystruten | kr 0,83 | -2,92 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 19,20 | -4,00 % |
Arctic Bioscience | kr 2,72 | -8,72 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 15.01.2025 15:54
Sist oppdatert: 15.01.2025 17:03