Havila Capella foto Per Eide Havila Kystruten 11
OPPTUR FOR AKSJEN: Havila Kystruten-fartøyet Havila Capella. Foto: Per Eide
Nytt

Børsdagen: Havila Kystruten dagens vinnar

Kursen opp over 60 prosent sidan botnnotering.

13.06.2023

2. juni fall aksjekursen i Havila Kystruten til 3,55 kroner.

Så seint som 28. april i år var aksjekursen til selskapet 9,28 kroner, men så starta ein bratt nedtur som ikkje snudde før kursen var nede i 3,55 kroner aksjen.

Kursfallet skjedde i samstundes som selskapet kom med meldingar om at Havila Kystruten var i ferd med å løyse problema med å fri seg frå banda til sin statseigde russiske långivar, GTLK, og dermed kunne kome fri frå konsekvensen av at GTLK var omfatta av sanksjonane mot Russland.

Det var naudsynt for å få refinansiert Havila Kystruten og få sett dei to siste av fire skip i rute mellom Bergen og Kirkenes.

No ser det omsider ut til at aktørane i aksjemarknaden har fått trua på at Havila Kystruten faktisk vil lukkast. Dei juridiske hindra er passert. Det som gjenstår no er å få investorar med på eit obligasjonslån på 4,7 milliardar kroner.

I dag enda Havila Kystruten-kursen på 5,98 kroner, opp 25,58 prosent sidan sluttkurs i går.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten 5,98 24,58 %
Statt Torsk 0,53 10,65 %
Nortel 31,00 7,64 %
Arctic Bioscience 11,00 4,76 %
Hav Group 9,60 2,13 %
Endúr 40,00 1,01 %
Sparebanken Møre 75,00 0,67 %
Havila Shipping 13,30 0,00 %
Hexagon Composites 27,28 -0,07 %
Norva 24* 27,10 -0,18 %
Hexagon Purus 22,15 -0,67 %
Hofseth Biocare 2,63 -2,23 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 -2,61 %
Salmon Evolution 6,76 -2,73 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,08 -3,45 %
Atlantic Sapphire 7,81 -4,76 %
*Svenske kroner

Publisert: 13.06.2023 16:48

Sist oppdatert: 13.06.2023 16:49