Bent martini dåp i herøy foto Ogne
ROADTRIP: Havila Kystruten-sjef Bent Martini skal selje reiarlaget inn til potensielle långivarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Havila Kystruten frir til långivarar

Vil låne 4,7 milliardar kroner.

31.05.2023

Frå og med i morgon skal Havila Kystruten møte potensielle långivarar på rekke og rad.

Målet er å få långivarane til å investere i eit tre-årig obligasjonslån på 390 millionar Euro, som tilsvarar 4,7 milliardar kroner etter dagens kurs.

Arctic Securities, Fearnleys Securities og Nordea er leigd inn for å hjelpe til med å få lånet på plass.

Les børsmelding her

Fri frå sanksjonar
Havila Kystruten finansierte seg opphavleg gjennom eit statseigd, russisk finansieringsselskap, GTLK.

Då Russland gjekk til krig mot Ukraina vart GTLK omfatta av dei vestlege sanksjonane. Dermed vart også Havila Kystruten råka. Vegen fram for å fri seg frå konsekvensane har vore lang og tidkrevande for Havila Kystruten, og har gått innom fleire rettsinstansar og styresmakter i fleire land.

Nyleg fall dei siste brikkane på plass, slik at reiarlaget får sette også dei to siste av sine fire skip i trafikk på gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes.

Erstattar lån
Mykje av lånet som Havila Kystruten no vil ta opp i obligasjonsmarknaden skal refinansiere lånet frå GTLK, som no får sine pengar frå Havila Kystruten sett inn på sperra konto. Der skal pengane stå så lenge sanksjonane varer. Havila Kystruten er dermed fri frå banda til GTLK og også fri frå konsekvensar av sanksjonane.

Ved utløpet av første kvartal hadde Havila Kystruten 113 million kroner i likvide midlar skriv selskapet i børsmelding. Førebelse tal viser at selskapet hadde 116,6 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsreultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på minus 90 millionar kroner i første kvartal.

Gjennom den planlagte finansieringa, inntekter frå høgsesongen og mottak av 163 millionar kroner frå NOx-fondet, ventar Havila Kystruten å ha nok arbeidskapital for drifta, ifølgje børsmeldinga.

Publisert: 31.05.2023 14:32

Sist oppdatert: 31.05.2023 15:27

Mer om