Robert Haugen Hexagon Purus Maritime Morten Holum Hexagon Purus apning langevag foto Ogne 17ffed96558f9fdb66f4e129c9314ecb
NY AVTALE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum (t.h.) styrer ei bedrift som i hovudsak har verksemda si i utlandet. Unntaket er datterselskapet Hexagon Purus Maritime i Langevåg, som arbeider mot den maritime marknaden. Biletet er frå markeringa av opninga av kontoret i Langevåg, i februar i år. Saman med Holum er dagleg leiar Robert Haugen i Hexagon Purus Maritime. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hexagon Purus-avtale

Skal levere til amerikansk bussprodusent.

14.08.2024

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i alt frå tog og skip til mindre køyretøy.

Avtalen selskapet offentlegjer i dag er med den amerikanske bussprodusenten Gillig. Den strekkjer seg over fleire år.

Det er Hexagon Purus sin fabrikk i Westminster i USA som skal levere tankar og system til Gillig sine bussar.

Inntektene frå avtalen er ikkje talfesta.

Les børsmelding her

Botnnotering i sommar
Hexagon Purus vart børsnotet i desember 2020. Då var kursen knappe 40 kroner aksjen. Det var då alt som kunne kallast grønt i vinden i aksjemarknaden, og kursen meir enn dobla seg i løpet av få dagar.

Deretter har kursutvikling i hovudsak vore fallande, fram til ei botnotering på like under fem kroner aksjen i april.

Utover våren og sommaren har kursen løfta seg og nådde 10,02 kroner aksjen i juli. Før børsen opnar i dag er kursen 8,59 kroner. Det er verdset selskapet til 2,4 millionar kroner. Kursen er 22,59 prosent lågare enn ved årsskiftet.

Hexagon Purus vart skilt ut frå børsnoterte Hexagon Composites før børsnoteringa av Hexagon Purus. Hexagon Composites lagar tilsvarande tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde og eig 38,28 prosent av aksjane i Hexagon Purus.

Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund, men har storparten av verksemda si i utlandet.

Knut Flakk og familien i Ålesund eig 11, 2 prosent av Hexagon Composites og i tillegg 8,96 prosent av Hexagon Purus direkte.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursutvikling for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter børshandelen vart avslutta i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 9,40 1,08 %
Hexagon Purus 8,67 0,93 %
Sparebanken Møre 84,65 0,77 %
Hexagon Composites 33,65 0,75 %
Atlantic Sapphire 5,01 0,26 %
Arctic Bioscience 11,20 0,00 %
Norva 24 Group* 27,45 -0,54 %
Endúr 55,30 -0,72 %
Havila Shipping 5,06 -0,78 %
Hofseth Biocare 2,01 -1,95 %
Romsdal Sparebank 109,20 -1,97 %
Havila Kystruten 0,90 -2,17 %
Salmon Evolution 7,07 -2,75 %
Golden Energy Offshore Services 29,00 -3,33 %
* Kurs i SEK

Publisert: 14.08.2024 07:23

Sist oppdatert: 14.08.2024 16:52

Mer om