Atlantic sapphire fase 2 florida foto atlantic sapphire
MINDRE SLAKT: Atlantic Sapphire står i fare for å kunne levere færre kilo laks enn planlagt i første halvår. Selskapet driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Ikkje bruk Google translate til aksjespekulasjon

Atlantic Sapphire-kursen spratt opp etter børsmelding. Så gjekk det nedover.

05.01.2024

Når Google translate får jobben med å oversette børsmeldinga det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire kom med før børsopning i dag tidleg blir "higher levels of maturation in the fish groups that are expected to be harvested in H1 2024" til "høyere nivåer av modning i fiskegruppene som forventes å bli slaktet i 1. halvår 2024".

Det må høyres bra ut, for aksjekursen spratt opp frå gårsdagens sluttkurs på 1,68 kroner aksjen til 1,85 kroner aksjen åtte minutt etter børsopning klokka 09:00.

Etterkvart må det ha gått opp for nokon av det eigentleg er snakk om tidleg kjønnmodning for fisken, som betyr framskunda slaktetidspunkt og at laksen ikkje får tid til å veks så stor som den skulle bli. Tapte inntekter og redusert lønsemd med andre ord.

Atlantic Sapphire har hatt ei rekkje problem og nok ei melding om at vekst og lønsemd lar vente på seg var det siste selskapet hadde bruk for no.

Ved børsslutt var kursen 1,682 kroner aksjen, som verdset selskapet til 1,3 milliardar kroner. Det er eit fall på 0,12 prosent samanlikna med sluttkurs i går og eit fall på ni prosent sidan toppen i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Endúr 39,40 1,03 %
Havila Shipping 5,39 0,75 %
Hofseth Biocare 2,63 0,00 %
Atlantic Sapphire 1,68 -0,12 %
Havila Kystruten 0,72 -1,10 %
Sparebanken Møre 84,00 -1,15 %
Norva 24 Group* 23,10 -1,70 %
Golden Energy Offshore Services 1,42 -1,80 %
Hav Group 9,60 -1,84 %
Hexagon Composites 27,40 -2,49 %
Hexagon Purus 10,44 -2,61 %
Salmon Evolution 6,99 -2,78 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,06 -4,08 %
Statt Torsk 0,65 -4,41 %
Arctic Bioscience 10,65 -4,91 %
* Kurs i SEK

Publisert: 05.01.2024 17:08

Sist oppdatert: 05.01.2024 23:22