For kjapp kjønnsmodning
Kan slå negativt ut for Atlantic Sapphire i første halvår.
I ei oppdatering frå det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire i dag fortel selskapet at det har registrert større grad av kjønnsmodning hos fisk som skal slaktast i første halvår. Det kan gå ut over prisen selskapet får for fisken og gjere at den ikkje når full slaktevekt før den må slaktast.
Fisken som ikkje var påverka av problema Atlantic Sapphire har hatt med for høg temperatur på vatnet, veks som venta, ifølgje meldinga.
Skulle bli pluss
Atlantic Sapphire driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida, men har hovudkontoradresse i Vestnes.
I ei oppdatering i november sa selskapet at det venta overskot frå drifta før avskrivingar i første halvår i år, gitt at fisken vaks som normalt.
Kursfall
I starten av februar 2021 var aksjekursen i Atlantic Sapphire oppe i 148 kroner aksjen. Før børsen opnar i dag er den 1,684 kroner, som verdset selskapet til 1,3 milliardar kroner.
I fjerde kvartal slakta selskapet 310 tonn laks (hovudkappa og sløyd), ifølgje oppdateringa.
Netto vektauke for fisken i anlegget steig omlag 1100 tonn (levande vekt) og samla vekt for all fisk i anlegget er no omlag 3000 tonn.
Publisert: 05.01.2024 08:45
Sist oppdatert: 05.01.2024 10:15