Oslo børs
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,59 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Inga overrasking for investorane

Havila Shipping med lite kursfall.

01.10.2024

Avtalen frå 2020 om refinansiering av Havila Shipping innbar ei kraftig utvatning av eksisterande eigarar, utanom hovudaksjonæren Havila Holding.

Dette har offshorreiarlaget meldt frå og mint om mange gangar, men det har vore ei viss spenning knytt til om alle investorane i aksjemarknaden har tatt bodskapen inn over seg.

Det har dei gjort. I alle fall de siste tide. Det viser kursutviklinga for offshorereiarlaget i dag. Hadde mange blitt overraska over børsmeldinga frå selskapet i dag tidleg ville kursen ha stupt.

Havila Holding vil gjere om sitt lån til selskapet om til aksjar og behalde eigarandelen på 50,56 prosent. Dei øvrige långivararan konverterer og deler av gjelda og blir store aksjonærar.

Vede børsslutt var kursen berre 2,03 prosent ned samanlikna med i går. Det er småtteri når meldinga fortalde at eksisterande aksjonærer - utanom Havila Holding - i første omgang vil eige berre 4,2 prosent i selskapet.

Investorane hadde med ande ord tatt utvatninga med i reknestykket når dei har handla aksjar den siste tida.

Golden Energy Offshore Services blei dagens vinnar på børsen, av selskapa på Nordvestlandet, med ein kursoppgang på over 15 prosent. Selskapet melde både om nye og forlenga kontraktar i dag, og at offshorreiarlaget utvidar flåten med to skip, som det skal drive for andre.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 23,70 15,61 %
Hexagon Purus 11,96 2,22 %
Endúr 59,90 1,01 %
Romsdal Sparebank 115,90 0,78 %
Hav Group 8,86 0,45 %
Sparebanken Møre 84,00 0,12 %
Norva 24 Group* 29,15 -1,19 %
Havila Kystruten 0,71 -1,26 %
Salmon Evolution 6,92 -1,42 %
Havila Shipping 3,38 -2,03 %
Hexagon Composites 43,75 -2,56 %
Atlantic Sapphire 0,19 -3,25 %
Arctic Bioscience 12,50 -3,85 %
Hofseth Biocare 1,65 -4,35 %
* Kurs i SEK

Publisert: 01.10.2024 16:06

Sist oppdatert: 01.10.2024 16:51