Energy Paradise Energy Pace Foto Golden Energy Offshore 11
BETRE BETALT: Golden Energy Offshore har utvida flåten kraftig i løpet av året, og får no langt betre betalt for arbeidet. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Kraftig ratehopp i offshore

Båtane til Golden Energy Offshore får langt betre betalt denne vinteren.

Marius Rosbach
10.01.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Golden Energy Offshore Services vart onsdagens vinnar på børsen av selskapa frå Nordvestlandet. Aksjekursen steig meir enn 7,5 prosent til 1,4 kroner.

Seint på ettermiddagen kom desembertal som viser at reiarlaget sine skip får langt betre betalt i offshoremarknaden denne vinteren. I snitt fekk skipa betalt 18.400 dollar dagen i årets første vintermånad.

Til samanlikning fekk reiarlaget i snitt kring 13.700 dollar dagen i betaling førre vinter i januar månad. Det gir ei rateauke på nærare 35 prosent i det som til vanleg er ein roleg periode i marknaden.

Trass ein tregare periode for spotmarknaden i Nordsjøen har reiarlaget sjeldan sett så mykje aktivitet som dei siste månadene, skriv dei i børsmeldinga.

– Det er betydeleg etterspurnad frå fleire regionar etter mellomlang til langsiktig sysselsetting, og dagratane held fram med å stige, heiter det vidare.

Golden Energy Offshore Services har no seks plattformforsyningsskip i flåten. Desse hadde ei utnytting på 88,7 prosent i desember, ifølgje oppdateringa frå selskapet.

Hav Group hadde også ein god dag på børsen. Selskapet er eit steg nærare ein storkontrakt med Fjord1, etter at reiarlaget har signert ein avtale om drift av Lavik-Oppedal-sambandet. Hav Group har avtale med Fjord1 om å utvikle ein ny type autonom ferje til å trafikkere strekninga.

Atlantic Sapphire-aksjen gjekk mest ned av selskapa frå regionen onsdag.

Lakseprisen har derimot aldri vore høgare enn på dette tidspunktet i januar. Ifølgje SSB-tal for veke 1 var eksportprisen på fersk laks på 112,9 kroner kiloen.

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk i raudt på slutten av dagen og enda med eit fall på 0,44 prosent til 1297,17 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,40 7,53 %
Hav Group kr 10,15 4,86 %
Hexagon Composites kr 27,48 2,38 %
Norva 24 Group* 23,65 kr 2,38 %
Havila Kystruten kr 0,73 2,24 %
Havila Shipping kr 5,50 1,66 %
Hexagon Purus kr 10,20 0,59 %
Sparebanken Møre kr 84,30 0,36 %
Salmon Evolution kr 6,91 0,14 %
Endúr kr 39,40 0,00 %
Hofseth Biocare kr 2,59 -0,38 %
Arctic Bioscience kr 10,00 -0,99 %
Statt Torsk kr 0,65 -1,52 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,07 -1,60 %
Atlantic Sapphire kr 1,52 -3,42 %
* Kurs i SEK

Publisert: 10.01.2024 16:44

Sist oppdatert: 10.01.2024 17:01

Mer om