Heiste flagget på siste nyinnkjøp
Ålesund-reiarlag har fullført milliardkjøp. Tok over sitt femte nye skip.
Golden Energy Offshore Services overtok torsdag det siste av fem nye skip reiarlaget har utvida flåten med dei siste månadene. Det melder selskapet på sosiale medier.
Overtakinga fullfører milliardkjøpet til Ålesund-reiarlaget og gjer at dei no har åtte skip i flåten.
Frå før hadde reiarlaget PSV-ane Energy Swan, Energy Empress og Energy Duchess. I løpet av hausten har dei i tur og orden meldt om overtaking av dei fem skipa:
- Energy Pace - 14. desember
- Energy Partner - 6. desember
- Energy Sugar - 29. november
- Energy Passion - 18. oktober
- Energy Paradise - 29. september
Same type design
Det var i august Golden Energy Offshore melde at dei var i ferd med å få på plass finansiering for kjøp av fem nye offshorefartøy frå nederlandske Vroon Holding.
Dei nye plattformforsyningskip er av same designtype som reiarlaget har frå før.
PX121 designet frå Ulstein Design & Solution har vorte ein «slager» i marknaden og det er bygde ein rekke slike offshoreskip.
Les også
Årsrekord i november
Forsyningsskipa til Golden Energy Offshore Services hadde ein gjennomsnittsrate på 28.000 dollar dagen i november i år. Det var ny rekord for året.
Energy Swan har kontrakt på norsk sokkel til 1. mars 2024, Energy Empress er på kontakt i Karibia til 24. april, Energy Paradise er på kontrakt i Nordsjøen ut året. Energy Duchess og Energy Passion er i spotmarknaden.
Publisert: 15.12.2023 14:06
Sist oppdatert: 15.12.2023 14:06