Børsdagen: Kraup over 30-talet
Kurshopp for offshorereiarlag. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.
Golden Energy Offshore Services vart dagens vinnar på børsen av selskapa frå Nordvestlandet.
Aksjekursen til offshorereiarlaget har duppa under 30 kroner dei siste vekene, men har vore på kurs dei siste dagane.
Selskapet leverte før helga tala for 1. kvartal, som viste at det hadde vore ein tøff periode med underskotsresultat.
Reiarlaget med fem plattformforsyningsskip og to fleirbruksskip ser likevel lyst på framtida grunna fleire forlenga kontraktar og nye avtaler til attraktive ratar, som har gitt auka skipsverdiar.
Sluttkursen tysdag enda på 31,21 etter ein oppgang på 5,78 prosent. Det er såvidt over nivået ved inngangen til året på knappe 29 kroner.
Norva Group hadde dårlegast utvikling av dei børsnoterte selskapa frå regionen med eit fall på drygt to prosent til 29 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta såvidt i minus med 0,05 prosent til 1427,64 poeng.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | kr 31,21 | 5,78 % |
Arctic Bioscience | kr 10,50 | 2,94 % |
Endúr | kr 57,00 | 0,89 % |
Sparebanken Møre | kr 84,50 | 0,48 % |
Salmon Evolution | kr 7,70 | 0,26 % |
Romsdal Sparebank | kr. 110,50 | 0,09 % |
Hofseth Biocare | kr 2,02 | 0,00 % |
Havila Kystruten | kr 0,97 | -0,10 % |
Havila Shipping | kr 6,06 | -0,49 % |
Hexagon Purus | kr 8,00 | -0,50 % |
Atlantic Sapphire | kr 8,68 | -1,38 % |
Hexagon Composites | kr 29,45 | -1,67 % |
Hav Group | kr 10,65 | -1,84 % |
Norva 24 Group* | 29,00 kr | -2,03 % |
Romsdal Sparebank | kr 110,00 | -2,65 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 02.07.2024 17:08
Sist oppdatert: 02.07.2024 17:09