Kursen i Havila Shipping steig frå 1,44 kroner i går til 1,52 kroner aksjen straks handelen på Oslo Børs opna i dag.
Då kvartalsrapporten per 4. kvartal kom like etter klokka 15:00 i dag hadde kursen snudd ned igjen og var 1,498 kroner klokka 15:44. Då børsen stengte for dagen var kursen 1,50 kroner aksjen, opp 4,32 prosent frå dagen før.
92 prosent flåteutnytting
Ved årskiftet dreiv Havila Shipping 14 fartøy frå hovudkontoret i Fosnavåg, seks av dei for andre eigarar. I fjerde kvartal var 92 flåteutnyttinga 92 prosent.
Selskapet sysselsette 416 årsverk i fjor.
I 2023 reverserte Havila Shipping i alt 865 millionar kroner i tidlegare nedskrivingar i skipsverdiane. I fjor var reverseringane på 154 millionar.
Uavklart med bankane
Tidlegare i år varsla tre bankar, med DNB i spissen, at dei meinte Havila Shipping ikkje oppfylte lånevilkåra som var avtalt i ein refinansieringavtale frå 2020.
Ein del av långivarane valde å gjere om gjeld til aksjar ved årsskiftet sonm var og avslutte avtalene, medan dei tre bankane valde oå vidareføre sin del av finansieringa ut 2025, slik dei hadde høve til.
Havila Shipping meiner det ikkje er grunnlag for bankane sine påstandar. I kvartalsrapporten kjem det ikke fram noko nytt om status for usemja mellom partane.
Havila Shipping ASA | ||
Per. 4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 585,1 | 919,3 |
Driftsresultat | 268,1 | 1221,5 |
Resultat før skatt | 10,4 | 113,1 |
Havila Shipping ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 155,9 | 162,2 |
Driftsresultat | 21,2 | 448,7 |
Resultat før skatt | 2,6 | -28,9 |
Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping, og også medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Denne artikkelen er oppdatert med børskursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 3,36 | 5,66 % |
Havila Shipping | 1,50 | 4,32 % |
Norva 24 Group* | 25,80 | 1,57 % |
Hofseth Biocare | 3,04 | 1,33 % |
Havila Kystruten | 0,89 | 1,14 % |
Hexagon Purus | 1,91 | -0,10 % |
Hexagon Composites | 28,20 | -0,18 % |
Romsdal Sparebank | 126,50 | -0,32 % |
Atlantic Sapphire | 10,60 | -0,64 % |
Salmon Evolution | 6,48 | -1,37 % |
Sparebanken Møre | 100,00 | -1,48 % |
Endúr | 74,80 | -2,22 % |
Hav Group | 5,36 | -2,55 % |
Golden Energy Offshore Services | 17,80 | -4,04 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 26.02.2025 16:13
Sist oppdatert: 26.02.2025 16:55