DNB er einaste rettigheitshavar for låna knytt til dei to Havila Shipping-skipa. Det går fram av Norsk ordinært skipsregister og Norsk internasjonalt skipsregister.
Tysdag denne veke sende Havila Shipping børsmelding om at reiarlaget hadde fått brev frå tre bankar.
Dei meiner Havila Shipping har brote restruktureringsavtalen frå 2020 gjennom måten selskapet refinansierte seg på - gjennom eit obligasjonslån - då fleire av långivarane fekk tilbakebetalt lån eller gjort om gjeld til aksjar ved årsskiftet 2024/2025.
Vil gå til retten om naudsynt
Det er ein påstand Havila Shipping er usamd i og om naudsynt vil gå til retten for å bestride.
Restruktureringsavtalen innebar at långivarane kunne få betaling i kontantar, og/eller ved at gjeld blei gjort om til aksjar, i årsskiftet 2024/2025 eller 2025/2026. Det er tre bankar som valde å vente til komande årskiftet, som no meiner dei kan erklære låna for misleghaldne.
Det står att to lån knytt til restruktureringsavtalen, eitt på 151,5 millionar kroner og eitt på 616,3 millionar.
DNB vil ikkje kommentere
Havila Shipping opplyser ikkje kven dei tre bankane er, men skipsregistra fortel at den eine er DNB. I og med at DNB står som einaste rettigheitshavar må banken vere leiar i eit syndikat der dei to andre bankane er med.
Kommunikasjonsavdelinga i DNB skriv til Nett No at banken har «dessverre ikke mulighet til å kommentere på kundeforhold. Dette inkluderer også informasjon om hvorvidt noen er kunde eller ikke».
I eit prospekt i samband med obligasjonslånet som vart tatt opp i seint i fjor går det fram at långivarane som var omfatta av restruktureringsavtalen frå 2020 var; Danske Bank, DNB, DVB Bank, Eksfin, Nordea, Sparebank 1 SMN, Swedebank, Islandsbanki og eigarane av to obligasjonslån.
I ei børsmelding 30. desember i fjor går det fram at Islandsbanki, Eksfin og Sparebank 1 SMN var blitt store aksjonærar.
Finansavisen, som skreiv om DNB si rolle først, skriv at opplysningane i prospektet peika på at dei to andre bankane bak brevet er Swedbank og Danske Bank.
Publisert: 23.01.2025 22:10
Sist oppdatert: 23.01.2025 23:21