I ei børsmelding fredag skriv Hofseth Biocare i Ålesund at selskapet har inngått eit strategisk samarbeid med Symrise, eit internasjonalt børsnotert selskap som lagar smak- og lukt-ingrediensar.
I 2023 hadde Symrise 4,7 milliardar euro i driftsinntekt.
Avtalen mellom dei to inneber mellom anna at Symrise låner fem millionar euro - omlag 58 millionar kroner - til utvidinga og moderniseringa av Hofseth Biocare sitt produksjonsanlegg i Berkåk i Trøndelag.
Avtalen gjer óg at Hofseth Biocare-produkt blir distribuert til fire av Symrise sine «globale nøkkelkunder», ifølgje meldinga.
Kurshopp
Børsmeldinga vart sendt ut før børshandelen opna. Då børsen stengte torsdag var kursen til Hofseth Biocare-aksjen 2,65 kroner.
Då handelen starta fredag steig kursen til 2,95 kroner, og seinare til 3,08 kroner aksjen. Då børsen stengte i ettermiddag var kursen 3,06 kroner, ein oppgang på 15,47 prosent frå dagen før.
Hittil i år er kursen opp 80 prosent.
Stor utviding
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstof frå lakseslakteri, til produkt som blir bruk i helsekost- og kjæledyrfôr. Dei jobbar også med å utvikle produkt som kan bli legemiddel.
Selskapet er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund og produksjonsanlegg i Midsund og på Berkåk.
Planen er å bygge ein ny fabrikk på Berkåk, med 2,5 gangar så stor produksjonskapasitet som selskapet sitt anlegg i Midsund har i dag.
I desember 2024 sa administrerande direktør Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare at målet er å ha det nye anlegget klart om eitt og eit halvt til to år. Då vil talet på tilsette går frå dagens åtte til omlag 40.
I tillegg til lånet frå Symrise, har Sparebank 1 Nordmøre gitt eit lån på opptil 60 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengde i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hofseth Biocare | 3,06 | 15,47 % |
Havila Kystruten | 0,89 | 11,25 % |
Endúr | 76,20 | 1,60 % |
Havila Shipping | 1,42 | 1,57 % |
Hav Group | 5,66 | 1,07 % |
Romsdal Sparebank | 126,78 | 0,64 % |
Salmon Evolution | 6,59 | -0,15 % |
Golden Energy Offshore Services | 19,30 | -0,52 % |
Hexagon Composites | 29,30 | -0,85 % |
Sparebanken Møre | 100,08 | -0,89 % |
Norva 24 Group* | 24,80 | -1,98 % |
Hexagon Purus | 2,01 | -2,91 % |
Atlantic Sapphire | 10,57 | -5,13 % |
Arctic Bioscience | 3,10 | -5,49 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 21.02.2025 10:35
Sist oppdatert: 21.02.2025 16:49