Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services
OPP: Per Ivar Fagervoll er dagleg leiar og medeigar i Golden Energy Offshore Services. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Kurshopp på skipssal

Golden Energy blant dagens vinnarar på Oslo Børs.

27.09.2023

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Energy Services kjappe kjøp og sal av offshorefartøyet Vos Sugar gjer at selskapet er blant dei fem med største verdistigning Oslo Børs i dag.

Då børshandelen stengte i ettermiddag var kursen 1,17 kroner aksjen, ein auke på 10,48 prosent sidan børsen stengte i går. Toppnoteringa i dag var 1,30 kroner aksjen.

Omlag 70 millionar kroner i gevinst i løpet av få veker for skipet slo an hos investorane, Grunnen er truleg mellom anna at det tyder på at milliardkjøpet av fem fartøy frå datterseskap av Vroon Holding, som Golden Energy annonserte i august skjedde til ein pris som kan vere god butikk for Golden Energy. Vos Sugar er eit støttefartøy til konstruksjonsarbeid til havs. Dei fire andre Vroon-fartøya er plattformforsyningskip, som Golden Energy Offshore Services har tre av fra før.

Ved utgangen av 2022 var aksjekursen 1,26 kroner. På topp i år har den vore oppe i 1,75 kroner aksjen. Botnnoteringa er fr 30. mai, på 0,90 kroner.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnotert selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,17 10,38 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,88 4,73 %
Havila Shipping 9,38 4,11 %
Salmon Evolution 6,38 3,07 %
Hexagon Purus 14,92 3,61 %
Hexagon Composites 32,56 2,07 %
Havila Kystruten 1,07 1,43 %
Hav Group 9,18 1,32 %
Sparebanken Møre 79,99 0,25 %
Arctic Bioscience 8,98 0,00 %
Hofseth Biocare 2,74 -2,14 %
Atlantic Sapphire 1,52 -2,06 %
Norva 24 Group* 19,24 -0,31 %
Endúr 39,60 -0,50 %
Statt Torsk 0,58 -8,52 %
* Kurs i SEK

Publisert: 27.09.2023 15:52

Sist oppdatert: 27.09.2023 16:53