Kjapp milliongevinst for Golden Energy
Sel skip før det er tatt i bruk.
Golden Energy Offshore Services har avtalt å selje fartøyet Vos Sugar til ein ikkje namngitt kjøpar for 15 millionar euro - 171 millionar kroner. Kjøpesummen var 9,2 millionar dollar - 102 millionar kroner- ifølgje ei børsmelding frå selskapet.
Blir alle vilkår innfridd får Vos Sugar ny eigar i november i år.
Vos Sugar var eitt av fem offshorefartøy Golden Energy Offshore Services i Ålesund i august avtalt å kjøpe frå eit datterselskap av nederlandske Vroon Holding for nesten ein milliard kroner, eit kjøp det blir arbeidd med å finansiere.
Vos Sugar er eit støttefartøy til konstruksjonsarbeid til havs. Dei fire andre Vroon-fartøya er plattformforsyningskip, som Golden Energy Offshore Services har tre av fra før.
Ifølgje børsmeldinga vil salet at Vos Sugar gi Golden Energy Offshore Services "a substantial cash profit"
Publisert: 27.09.2023 09:33
Sist oppdatert: 27.09.2023 09:34