Børsdagen: Kurskollaps for Statt Torsk
Skriv ned verdien av fisk i sjøen med 47 millionar kroner. Stuper på børsen.
Aksjekursen til torskeoppdrettselskapet Statt Torsk fall 43,9 prosent i dag, etter at selskapet varsla ei stor nedskriving. Det fallet gjorde selskapet til den største taparen på Oslo Børs i dag.
Like etter børsnoteringa i april 2021 var kursen 3,3 kroner aksjen. Deretter har det gått relativt jamt nedover og då børsen stengte for dagen var kursen 0,49 kroner.
Den kursen verdset selskapet til 104 millionar kroner.
Prisfall
Betalinga torskeoppdrettselskapet Statt Torsk får for fisken har falle frå 44 til 36 kroner kiloen.
I tillegg er vekta på fisken redusert på grunn av slakteregimet selskapet hadde i fjor.
Difor skriv selskapet ned verdien med 47 millionar kroner melder selskapet i ei børsmelding. Offentleggjering av årsrapport er utsett til seinast 11. juni og kvartalsrapporten for første kvartal 2023 bli offentleg gjort same dag.
Prisen selskapet fekk i første kvartal i år kan forklarast med at marknaden ikkje set nok pris på oppdretta torsk og ein inefffektiv salsstrategi for deler at produksjonen til Statt Torsk. Selskapet vil no revurdere salsstrategien sin, ifølgje børsmeldinga.
Statt Torsk driv torskeoppdrett på nordsida av Stadlandet, i Stad og Vanylven kommunar.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med tabell med aksjekursen til børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | 21,70 | 4,33 % |
Hexagon Composites | 30,38 | 3,83 % |
Havila Kystruten | 7,78 | 2,64 % |
Havila Shipping | 15,50 | 1,84 % |
Atlantic Sapphire | 4,73 | 1,83 % |
Arctic Bioscience | 10,80 | 1,41 % |
Norva 24* | 28,20 | 0,71 % |
Sparebanken Møre | 77,00 | 0,65 % |
Nortel | 22,00 | 0,00 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,18 | -0,63 % |
Salmon Evolution | 6,91 | -0,72 % |
Endúr | 42,20 | -2,31 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,07 | -2,73 % |
Hav Group | -10,60 | -3,20 % |
Hofseth Biocare | 3,12 | -9,30 % |
Statt Torsk | 0,49 | -43,02 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 05.05.2023 12:09
Sist oppdatert: 05.05.2023 16:57