Oslo børs
OPP: Hovedindeksen på Oslo Børs steig 1,01 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Liten kurseffekt av sjefsskifte

Hexagon Composites-banda til Noreg blir litt slakkare.

03.12.2024

Tidlegare i år selde Hexagon Composites datterselskapet Hexagon Ragasco til utlandet. Selskapet har fabrikk på Raufoss, der det blir laga små berbare gassbehaldarar, som nordmenn først og fremst kjenner frå gassgrillar.

Etter det salet har ikkje Hexagon Composites produksjon i Noreg lenger.

No erstattar tyske Philipp Schramm Jon Erik Engeset. Engeset har adresse i Ulsteinvik og kontor på hovudkontoradressa i Ålesund. Aksjekursen til Hexagon Composites steig 0,69 prosent i dag. Effekten av det lenge varsla leiarskiftet og offentleggjeringa av kven som tek over hadde ikkje den store effekten på kursen i dag.

I og med at den nye toppsjefen er tysk, dei viktigaste marknadane er i utlandet og finansdirektøren arbeider frå Oslo-kontoret er det god grunn til å rekne med at banda til Nordvestlandet no blir svekka.

Schramm kjem frå bilbransjen, med fleire års internasjonal erfaring som leiar av underleverandørar til bilfabrikkane. Det passar godt i høve til at det er ein viktig marknad for Hexagon Composites. Ein person med hans kvalfikasjonar og erfaring er eit naturleg val, og truleg er det ikkje så mange slike kandidatar å finne i Noreg.

Knut Flakk er styreleiar og han og familien er framleis nest største eigar i Hexagon Composites, men har gradvis redusert sin eigarandel dei siste åra, til knappe 11 prosent av aksjane. 

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kronerEndring i prosent
Atlantic Sapphire0,09 6,21 %
Hav Group6,50 5,86 %
Havila Kystruten0,80 5,10 %
Salmon Evolution6,69 2,14 %
Golden Energy Offshore Services16,75 2,13 %
Sparebanken Møre89,42 1,85 %
Endúr64,50 1,26 %
Norva 24 Group*28,75 0,70 %
Hexagon Composites43,50 0,69 %
Romsdal Sparebank124,38 0,00 %
Hofseth Biocare1,19 -2,46 %
Hexagon Purus5,31 -3,10 %
Arctic Bioscience1,86 -4,12 %
Havila Shipping2,39 -4,90 %

Publisert: 03.12.2024 17:12

Sist oppdatert: 03.12.2024 17:26