Tidleg på dagen tysdag 1.april vart Arctic Bioscience-aksjen handla til 6,80 kroner. Det var kort tid etter at selskapet sende ut børsmelding om at dei første resultat av den eitt år lange medisinske studien av selskapet sitt silderognbaserte middel mot hudsjukdomen psorias først er klare om to-tre veker.
Tidlegare i år varsla selskapet av dei første resultata skulle vere klare i løpet av første kvartal.
Målet til selskapet er å få godkjent middelet som eit legemiddel, og den medisinske studien er ein del av prosessen fram mot ein eventuell godkjenning - som vil opne dørea inn til ein trileg lønsam marknad. Problemet er at resultat halvvegs i studien viste gode resultat også for testpersonar som berre fekke eit narremiddell. Dei resultata sende kursen ned frå 13 til under to kroner aksjen i løpet av få dagar etter offentleggjering i fjor haust. Hittil i år har kursen blitt over tre gangar høgare, truleg fordi aksjespekulantar satsar på at resultatet for heile studien skal vere meir positive.
At resultata let vente på seg førte til kursen fall 18,03 prosent i går og 26 prosent i dag, til 3,70 kroner aksjen.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
* Kurs i SEK | ||
Arctic Bioscience | 3,70 | -26,00 % |
Atlantic Sapphire | 4,16 | -3,74 % |
Endúr | 76,10 | -0,39 % |
Golden Energy Offshore Services | 17,60 | -1,95 % |
Hav Group | 7,16 | 1,70 % |
Havila Kystruten | 0,86 | -4,56 % |
Havila Shipping | 1,23 | -2,83 % |
Hexagon Composites | 19,44 | -1,12 % |
Hexagon Purus | 1,32 | -2,07 % |
Hofseth Biocare | 2,49 | 1,22 % |
Norva 24 Group* | 36,20 | -0,14 % |
Romsdal Sparebank | 130,00 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 6,12 | -0,16 % |
Sparebanken Møre | 102,82 | -0,17 % |
Publisert: 02.04.2025 16:55
Sist oppdatert: 02.04.2025 16:55