Frå ein aksjekurs på 24 kroner ved børsnotering i november 2020 steig kursen i Nortel til 28, 30 i slutten av november i fjor. Fram til starten av januar i år låg aksjekursen like under det nivået, før kursutviklinga blei negativ.
Den negative utvikling varte ti i mai i år då Nortel-aksjar handla til 16 kroner aksjen på det lågast, før det i rykk og napp tok til å gå svakt oppover.
I dag steig kursen til 18,70 kroner aksjen, opp 3,31 prosent sidan i går og 17 prosent over botnnoteringa. Dagens kurs verdset Nortel til 352 millionar kroner.
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,5 prosent i dag og fleirtalet av dei børsnoterte selskapa på NETT NO si oversikt hadde kursfall i dag.
Selskapet Bagid hadde offisiell start på kapitalinnhentinga sin i går. Minstemålet for selskapet er å hente inn 9,5 millionar kroner i ny eigenkapital . Det målet vart akkurat passert i dag. I beste fall håpar bagasjebrikkeselskapet i Ålesund å hente inn 22 millionar kroner.
Les også
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Nortel | 18,7 | 3,31 % |
Endúr | 24,25 | 1,93 % |
Hexagon Composites | 33,66 | 1,75 % |
Arctic Bioscience | 15 | 1,69 % |
Hexagon Purus | 29,96 | 1,08 % |
Hofseth Biocare | 3,7 | 0,27 % |
Sparebanken Møre | 74,5 | 0,00 % |
Norva 24* | 36,28 | -0,38 % |
Havyard Group | 3,86 | -0,64 % |
Hav Group | 13,78 | -0,86 % |
Salmon Evolution | 9,09 | -1,20 % |
Atlantic Sapphire | 22,5 | -1,49 % |
Statt Torsk | 2,29 | -1,72 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,63 | -2,69 % |
Havila Kystruten | 18,8 | -4,33 % |
Havila Shipping | 15,32 | -5,78 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 04.08.2022 16:55
Sist oppdatert: 04.08.2022 17:24