Børsdagen: Ny botnrekord for Hexagon Purus
For tre år sidan var selskapet ti gangar meir verdt enn i dag.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Ved børsnoteringa i desember 2020 var selskapet verdsett til 40 kroner aksjen.
Hydrogen kan lagast ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen ved elektrolyse. Kjem elektrisiteten frå vasskraft eller andre fornybare energikjelder er det en energiberar som ikkje gir utslepp av CO2. I 2020 og starten av 2021 var alt som var grønt i vinden på børsen, så også Hexagon Purus.
Kursen gjekk rett til vers og nådde toppen, 82,10 kroner aksjen allereie 8. januar 2021.
Med unntak av eit par oppturar undervegs har kursutviklinga gått feil veg sidan. I dag fall kursen 8,97 prosent, til 8,12 kroner kroner aksjen.
Det er ny bortrekord, og verdset selskapet til 2,2 milliardar kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Salmon Evolution | 7,20 | 3,45 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,26 | 2,19 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,40 | 1,01 % |
Hav Group | 11,70 | 0,86 % |
Hofseth Biocare | 2,58 | 0,00 % |
Havila Shipping | 5,45 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 0,72 | -0,28 % |
Sparebanken Møre | 85,24 | -0,32 % |
Arctic Bioscience | 10,45 | -0,48 % |
Norva 24 Group* | 27,70 | -0,72 % |
Hexagon Composites | 23,90 | -2,21 % |
Endúr | 39,90 | -2,68 % |
Atlantic Sapphire | 1,67 | -5,23 % |
Hexagon Purus | 8,12 | -8,97 % |
Statt Torsk | 0,53 | -14,24 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 29.01.2024 16:55
Sist oppdatert: 29.01.2024 16:55