Oslo børs
Oslo Børs. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ny smell for hydrogen

Statkraft stoppar hydrogensatsing.

08.05.2025

Det er ikkje berre i USA det er  motvind for hydrogen. 

I dag varsla statseigde Statkraft at selskapet stoppar utvikling av nye hydrogenprosjekt på grunn av større uvisse i marknaden. 

Ein del av hydrogenprosjekta selskapet er i gang med skal utviklast vidare, før Statskraft prøver å få investorar til å ta over. 

Til Dagens Næringsliv seier Statkraft-sjef. Birgitte Ringstad Vartdal at Statkraft ikkje ser lønsemd i hydrogen utan betydeleg statsstøtte. 

Aksjekursen til Hexagon Purus har falle over 70 prosent i år og selskapet legg mykje av ansvaret for inntektsnedgangen og nedbemanninga til selskapet på omlegginga av amerikanske klima- og energipolitikk med Donald Trump i presidentstolen. 

Selskapet lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og USA er ein viktig marknad. Produsert med kraft frå fornybare energikjelder er hydrogen ein energiberar som ikkje gir CO2-utslepp. 

Artikkelen blir oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Publisert: 08.05.2025 13:28

Sist oppdatert: 08.05.2025 13:28