Då Hexagon Purus la fram kvartalsrapporten per 4. kvartal 2024 fortalde selskapet at det skulle kutte kostnadane med 200 millionar kroner og seie opp 15 prosent av dei tilsette.
I kvartalrapporten for 1. kvartal 2025 varslar selskapet nye kostnadskutt.
"Kostnadsreduksjonsprogrammet som vi lanserte i februar er gjennomført, men vi siktar no mot ytterlegare kostnadsreduksjonar som hovedsakleg vil påvirke drifta vår i Tyskland.", skriv administrerande direktør Morten Holum i Hexagon Purus i kvartalsrapporten.
Trump-effekt
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i alt frå større køyrety til tog og skip. I tillegg leverer selskapet og batterisystem. Hovudkontoradressa er i Ålesund, men produksjonen forgår i Nord-Amerika og Tyskland.
Då selskapet vart skilt ut frå hovuaksjonæren Hexagon Composites og børsnotert i 2020 segla hydrogenselskap i ein politisk medvind. Om hydrogen blir produsert av fornybar energi er det ein energiberar som ikkje gir CO2-utslepp.
Den vinden har snudd, og vart til kraftig motvind med Donald Trump sitt comeback som president i USA i januar i år. Sidan har det berre blitt verre, sett frå Hexagon Purus sin ståstad:
"Skiftet i politikk hos den nye amerikanske administrasjonen har lagt til nye utfordringar, både på den geopolitiske fronten og for den globale handelen. Spesielt den betydelege auken i tollen som USA har annonsert mot alle sine handelspartnare har vore eit sjokk for global handel og skapt uro i finansmarknaden. Det er framleis for tidleg å seie kva som blir dei langsiktige effektane av tollsatsane for dei det globale verdikjedene og kundane sin etterspørsel, men den umiddelbare verkanden er at aktørane synes det er vanskeleg å ta langsiktige investeringsbeslutningar. Dette er påverkar både våre kundar og vår verksemd negativt", skriv Holum i kvartalsrapporten.
Inntektene ned 44 prosent
Samanlikna med første kvartal 2024 er inntektene til Hexagon Purus ned 44 prosent i første kvartal i år, til 230 millionar kroner. Samstundes er både underskotet på drifta og underskotet før skatt meir enn dobla sidan same kvartal i fjor (sjå tabell).
| Hexagon Purus ASA | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 230,0 | 402,1 |
| Driftsresultat | -304,4 | -141,1 |
| Resultat før skatt | -387,3 | -156,0 |

Selskapet ventar ein svak marknad for hydrogentankane og - systema sine i resten av 2025.
Hexagon Purus vart skilt ut av Hexagon Composites og børsnotert i 2020. Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde og har Flakk-familien i Ålesund som ein av dei større aksjonærane.
Publisert: 06.05.2025 07:36
Sist oppdatert: 15.05.2025 09:36






