Oslo bors
KURSFALL: Så langt har dei varsla tollmurane rundt USA gjort aksjar verda over mindre verdt. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Børsdagen: Henta inn nesten alt det tapte

Oslo Børs opna dagen med kraftig fall, mesteparten av verdiane blei henta inn att i løpet av dagen.

07.04.2025

Saka blir oppdatert - sjå børstabell for Nordvestlandet under

USA-president Donald Trump kalla onsdag 2. april for USA sin «frigjeringsdag». Om kvelden norsk tid sjokkerte han handelspartnarar med ein tollmur på minst 10 prosent, og mykje meir for store handelspartnarar som EU og Kina.

Så langt er resultatet at aksjeeigarar verda over har blitt fri for store formuer. Det gjeld framleis, sjølv Oslo Børs unngjekk det store fallet i dag.

Sidan onsdag morgon 2. april var hovudindeksen måndag føremiddag nesten 12 prosent, etter eit fall på over tre prosent samanlikna med fredag ettermiddag.. Deretter steig aksjekursane og då børsen stengte var hovudindeksen ned "berre" 0,43 prosent. 

Av selskap på Nordvestlandet skil Hexagon Purus seg markert ut, med kursauke på over 68 prosent (sjå tabell under).  Hofseth Biocare og Atlantic Sapphire endte som dei største børstaparane frå regionen. 

Kursauken til Hexagon Purus er tilsynelatande oppsiktsvekkande kraftig, men i kroner er det snakk om ei auke frå 1,14 til 1,91 kroner aksjen. Det er framleis på eit historisk lågt nivå for hydrogenttank-produsenten, som vart børsnotert i desember 2020 og var opp i over 80 kroner aksjen tidleg i 2021.  Berre etter februar i år har kursen vore under to kroner aksjen. 

Salmon Evolution kom med ei oppdatering om produksjonen tidleg måndag. Den viste stabil drift og at selskapet har rekordhøgt volum med fisk i anlegget. Aksjekursen fall frå start og ned 4,14 prosent, til 5,56 kroner aksjen. Det er ny botnnptering for sluttkursen til selskapet.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Bioscience4,00 -9,09 %
Atlantic Sapphire5,50 -15,34 %
Endúr73,00 -0,27 %
Golden Energy Offshore Services16,05 -2,43 %
Hav Group6,98 1,45 %
Havila Kystruten0,87 -2,57 %
Havila Shipping1,18 -1,83 %
Hexagon Composites18,48 2,10 %
Hexagon Purus1,91 63,81 %
Hofseth Biocare2,00 -11,89 %
Norva 24 Group*36,00 -0,69 %
Romsdal Sparebank122,10 -6,06 %
Salmon Evolution5,56 -4,14 %
Sparebanken Møre100,00 2,56 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 07.04.2025 12:04

Sist oppdatert: 07.04.2025 17:12