Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
UNDER BAKKEN: Infrastrukturen under treng inspeksjon og vedlikehald. Det gir oppdrag til Norva24. Foto: Norva24
Nytt

Børsdagen: Opp frå bølgjedalen

Stryn-konsern har «lagt på seg» ein halv milliard i verdi siste månaden.

Marius Rosbach
20.11.2023

Norva24-aksjen har hatt nokre oppløftande veker på børsen og blei måndagens børsvinnar frå Nordvestlandet.

Det Stockholm-registrerte selskapet som spring ut frå industrimiljøet i Stryn, enda dagen med ein sluttkurs på 23 kroner.

Det er den høgste kursen sidan starten av september. Oppgangen på 5,75 prosent skjedde på lågt volum.

For ein dryg månad sidan omtala NETT NO korleis aksjen var halvert i verdi i løpet av det siste året.

Sidan då har aksjeverdien for konsernet som spesialiserer seg på vedlikehald av infrastruktur under bakken, gått opp med nær ein halv milliard til 3,84 milliardar.

Også Havila Kystruten hadde ein god børsdag og enda opp med meir enn fem prosent til 0,83 kroner aksjen.

Eqva og Hexagon Purus var i den andre enden av skalaen for selskapa frå regionen med fall på 3,90 og 3,55 prosent.

Hovudindeksen på Oslo børs starta veka positivt, med ein oppgang på 0,78 prosent til 1306,38 poeng.

Sterk oljepris bidrog til å trekke opp stemninga, og ved stengetid var eit fat nordsjøolje oppe i kring 82,70 kroner fatet – ein oppgang på kring 2,7 prosent sidan før helga.

Sjå børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Norva 24 Group* 23,00 kr 5,75 %
Havila Kystruten kr 0,83 5,33 %
Havila Shipping kr 6,69 2,92 %
Hofseth Biocare kr 2,76 2,22 %
Atlantic Sapphire kr 1,35 1,35 %
Hexagon Composites kr 26,30 0,84 %
Salmon Evolution kr 6,08 0,00 %
Arctic Bioscience kr 9,18 0,00 %
Sparebanken Møre kr 76,00 0,00 %
Statt Torsk kr 0,75 -0,27 %
Hav Group kr 8,96 -0,44 %
Endúr kr 42,60 -0,70 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,29 -0,92 %
Hexagon Purus kr 10,88 -3,55 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,71 -3,90 %
* Kurs i SEK

Publisert: 20.11.2023 17:55

Sist oppdatert: 20.11.2023 18:01

Mer om