Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TOPP OG BOTN: Nordveslandske selskap som satsar i legemiddelmarkedet hadde den beste (Hofseth Biocare) og verste (Arctic Bioscience) kursutviklinga på børsen i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opp og ned for Hofseth Biocare

Investorane med ulik tolking av Hofseth Biocare-melding.

15.05.2023

Hofseth Biocare sende i dag tidleg ut ei melding om at selskapet skil ut forsking- og utviklingsarbeidet sitt for å finne eit legemiddel til prostatakreft-behandling.

Arbeidet skal halde fram i eit nytt, USA-registrert selskap, med Hofseth Biocare som stor medeigar.

Sjansen for å lukkast med å få fram produkt som kan kommersialiserast er større enn om arbeidet skal halde fram innan Hofseth Biocare, er Hofseth Biocare si vurdering.

Det nye selskapet skal også hente inn pengar frå nye investorar.

Utvikling av legemiddel er dyrt og tidkrevande, og prostata-satsinga ville truleg kreve meir eigenkapital også om den skulle skje i regi av Hofseth Biocare.

Hofseth Biocare satsar både på legemiddelutvikling og lagar produkt til helsekost- og kjæledyrmarknaden. Det nye selskapet, HBC Immunology Inc., skal arbeide berre mot ein marknad, som i det minste kan gjere selskapet lettare å vurdere for potensielle investorar.

Ved børsopning i dag spratt aksjekursen i Hofseth Biocare opp frå 3,07 til 3,41 kroner. Ein time seinare var kursen tre kroner. Då børsen stengte for dagen var kursen 3,19 kroner per aksje. Det er opp 3,91 prosent samanlikna med sluttnoteringa frå fredag førre veke, som gjorde Hofseth Biocare til dagens børsvinnar på Nordvestlandet.

I motsett enda av rangeringa er Arctic Bioscience, som fall 6,86 prosent, til 9,78 kroner aksjen. Det er ny botnnotering for selskapet.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet etter at børshandelen er over i ettermiddag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hofseth Biocare 3,19 3,91 %
Hexagon Purus 21,80 3,81 %
Nortel 33,00 3,13 %
Salmon Evolution 6,95 0,43 %
Hexagon Composites 27,26 0,22 %
Statt Torsk 0,59 0,00 %
Atlantic Sapphire 4,65 -0,54 %
Havila Kystruten 7,20 -1,37 %
Hav Group 10,05 -1,47 %
Sparebanken Møre 75,25 -1,61 %
Norva 24* 26,00 -1,70 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,06 -3,47 %
Golden Energy Offshore Services 1,14 -3,56 %
Endúr 42,80 -3,60 %
Havila Shipping 15,48 -3,85 %
Arctic Bioscience 9,78 -6,86 %
*Svenske kroner

Publisert: 15.05.2023 15:26

Sist oppdatert: 16.05.2023 10:26