Kenworth truck foto Wikimedia Common
STORE SAKER: Kenwort Truck Company skal lage ein stor lastebil som går på naturgass. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Børsdagen: Oppgang på avtale

Hexagon Composites skal levere tankar og system for bruk av naturgass til lastebilar med ny motormodell.

26.02.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Aksjekursen i Hexagon Composites steig med 3,84 prosent, etter at selskapet sende ut børsmelding tidleg måndag.

I meldinga sto det at den amerikanske lastebilprodusenten Kenworth Truck Company har bestilt ein ny motormodell frå motorprodusenten Cummins. Produksjonen av bilane skal starte i midten av dette året.

Motoren brukar naturgass som drivstoff og Hexagon Composites er underleverandør. Hexagon Composites reknar avtalen som eit gjennombrot for naturgass for store lastebilar, noko som i sin tur vil gi fleire oppdrag.

Les børsmelding her

Den vurderinga ser det ut som aktørane i aksjemarknaden er samd i. Hexagon Compposites har ikkje hatt eit bra år på børsen hittil i år, og aksjen er ned 26,94 prosent sidan årsskiftet.

Men måndag fekk aksjonærane ein opptur.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,59 7,30 %
Hexagon Composites 21,10 3,84 %
Hexagon Purus 7,02 2,03 %
Havila Shipping 4,67 1,52 %
Hav Group 11,35 1,34 %
Hofseth Biocare 2,38 1,28 %
Sparebanken Møre 86,80 0,43 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,20 0,00 %
Atlantic Sapphire 1,43 -0,42 %
Salmon Evolution 6,51 -0,46 %
Endúr 36,90 -1,60 %
Norva 24 Group* 27,25 -3,20 %
Arctic Bioscience 9,26 -3,74 %
Havila Kystruten 0,82 -4,00 %
* Kurs i SEK

Publisert: 26.02.2024 17:00

Sist oppdatert: 26.02.2024 21:43

Mer om