Hav
GOD START PÅ HELGA: Hav Group-sjef Gunnar Larsen la fram kvartalstal i dag tidleg og vart belønna med ein kraftig opptur i aksjekursen. Skjermfoto av resultatpresentasjon på nettet.
Nytt

Børsdagen: Dagens vinnar på Oslo Børs

Hav Group-aksjen opp 25,86 prosent.

14.03.2025

Hav Group-aksen steig 25,86 prosent i dag, til 7,30 kroner aksjen etter at selskapet la fram kvartalsrapporten per 4.kvartal 2024 før børsopning. Ut frå kursutviklinga i dag vart veksten og resultatbetringa til selskapet i fjerde kvartal i fjor godt mottatt. 

Hav Group vart børsvinnar både på Nordvestlandet og heile børsen.

 Det er mindre enn tre veker sidan kursen var ned på botnnoteringa 5,36 kroner aksjen.

7,30 kroner aksjen verdset selskapet til  256 millionar kroner og er den høgaste sluttkursen så langt i år. 

Då børsen opna steig kursen til 7,30 kroner aksjen, frå 5,80 kroner aksjen då børsen stenge i går. Ut over dagen fall den gradvis, men steig igjen mot slutten av dagen. 

Trass dagen opptur er aksjekursen til selskapet 35 prosent under kva den var for 12 månadar sidan og under halvparten av kva den var rett etter børsnotering i 2021.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Hav Group7,30 25,86 %
Hofseth Biocare2,20 5,26 %
Sparebanken Møre102,80 3,82 %
Havila Shipping1,26 2,93 %
Endúr72,90 2,53 %
Havila Kystruten0,89 1,37 %
Hexagon Composites24,45 1,03 %
Arctic Bioscience3,98 1,02 %
Salmon Evolution6,22 0,16 %
Romsdal Sparebank127,00 0,08 %
Norva 24 Group*36,15-0,14 %
Atlantic Sapphire4,72 -2,07 %
Hexagon Purus1,87 -3,70 %
Golden Energy Offshore Services17,90 -4,53 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 14.03.2025 16:56

Sist oppdatert: 14.03.2025 17:00