Energy Duchess foto Golden Energy Offshore S Ervices
BØRSVINNAR FRÅ NORDVEST: Golden Energy Offshore Services aukar mest onsdag. Her illustrert ved multi-PSV Energy Duchess. Båten er chartra på eit kortare serviceoppdrag hos DNO Norge, og er i kontrakt fram til 15. august. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: PSV-oppgang

Børsmygg frå Ålesund gjer det godt på børs onsdag.

Linn Antonie Vårdal Solheim
26.07.2023

Onsdag er det brei nedgang på Oslo Børs, med hovudindeksen ned 0,94 prosent.

Kjempekontrakt til Hexagon Composites
Onsdag morgon melde Hexagon Composites at dei har signert avtalar om å levere mobile gasstankar og system for frakting av biogass til ein større kunde i Nord-Amerika. Kontraktene har ein verdi på om lag 310 milionar kroner.

Kursen stig 4,54 prosent, og aksjen omsetjast for 26,70 kroner.

Dagens børsvinnar
Reiarlaget og PSV-selskapet Golden Energy Offshore Services har hovudsete i Ålesund, og er dagens børsvinnar. Selskapet driv charterverksemd av dei tre heileigde skipa Energy Duchess, Energy Empress og Energy Swan, og har i følgje seg sjølv ein av dei mest moderne, energieffektive og fleksible flåtane for olje- og gass, og fornybar offshorenæring.

Aksjen stig 8,6 prosent, og handlast for 1,24 kr per aksje.

Nedgang for Kystruten
Havila Kystruten er noko ned onsdag, etter kurshoppet dei siste dagane.

Aksjen handlast for 1,85 kr, ned 2,63 prosent frå gårsdagens sluttkurs.

Den siste veka har aksjen auka kursverdien med 52,1 prosent.

Saka er oppdatert etter handelsdagen er over, mellom anna med børstabell og endelege kursar.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,24 8,60 %
Hexagon Composites kr 26,70 4,54 %
Hexagon Purus kr 21,30 4,41 %
Arctic Bioscience kr 10,05 2,97 %
Norva 24 Group* kr 26,85 2,29 %
Hofseth Biocare kr 3,08 1,65 %
Nortel kr 26,80 1,52 %
Hav Group kr 10,30 0,49 %
Sparebanken Møre kr 76,50 0,00 %
Statt Torsk kr 0,56 0,00 %
Atlantic Sapphire kr 6,04 -0,17 %
Salmon Evolution kr 6,64 -0,30 %
Endúr kr 40,00 -0,50 %
Havila Kystruten kr 1,85 -2,63 %
Havila Shipping kr 12,84 -3,46 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,72 -3,89 %
* Kurs i SEK

Publisert: 26.07.2023 16:24

Sist oppdatert: 26.07.2023 17:22