Sikra sal for 310 millionar
Nye oppdrag for dotterselskap i USA - som står for store delar av inntekta i Hexagon Composites.
Hexagon Composites sitt dotterselskap Hexagon Agility i USA, har signert avtaler om å levere mobile gasstankar og system for frakting av biogass til en større kunde i Nord-Amerika for om lag 310 milionar kroner.
Leveransane skal sikre drivstoff til ei veksande flåte med gassdrive køyretøy, ifølgje børsmeldinga tidleg onsdag.
USA-selskap står for mykje av salet
Dotterselskapet Hexagon Agility i USA sto i første kvartal for 71 prosent av driftsinntektene til Hexagon Composites.
Aukande kostnadar og forstyrringar i forsyningskjedene i marknaden for mellomstore og store lastebilar har sett marginane under press i den delen av verksemda, opplyste selskapet i siste kvartalsoppdatering.
Les også
Utvidar bruksområde
Selskapet lagar mellom anna drivstofftankar og -system for mellomstore og store lastebilar som brukar natur- eller biogass som drivstoff, og store mobile gasstankar som blir brukt på anlegg i industrien.
Nestleiar for sal av slike mobile løysingar frå Hexagon Agility gjer at det er mogleg å bruke gass som drivstoff i områder utan infrastruktur for anna fylling.
Statistikk frå amerikanske styresmakter, viser at 69 prosent av alle gassdrive køyretøy i USA, nyttar fornybar biogass.
Publisert: 26.07.2023 08:54
Sist oppdatert: 26.07.2023 12:22