Offshorereiarlaget Havila Shipping i Herøy vart dagens børsvinnar, med ny raterekord for året. Havila Shipping-kursen steig 13,69 prosent frå i går.
Sjette største kursauke hadde Golden Energy Offshore i Ålesund, opp 8,6 prosent.
Mellom dei, med 10,4 prosent kursauke, kom offshorereiarlaget DOF i Austevoll, med ein oppgang på 10,40 prosent.
Rekordrater i Nordsjøen dei siste dagane er truleg medverkande til kurshoppa i dag. Ankerhandteringsfartøyet Havila Jupiter og to fartøy frå Viking Supply Ships har alle for rater på 2,1 millionar kroner dagen.
Det rett nok snakk om kortvarige oppdrag, men uansett - slike rater skaper god stemning.
Så stabilt er stemninga imidlertid ikkje.
Den siste månaden har Havila Shipping vore nede i 8,40 kroner per aksje og oppe i 28,40 kroner per aksje. I førre veke var den ned i 13,84 kroner. I dag var kursen 19,10 kroner då børshandelen stengde. Den kursen verdset selskapet til 454 millioner kroner, ein oppgang på 361 prosent sidan nyttår og 577 prosent i siste 12-månadarsperiode.
Opptur vart det og på Norva24, som er notert på Stockholmbørsen, men med aksjonærar frå Stryn blant dei største eigarane. Kursen der kraup eit nytt steg oppover mot den førebelse rekordnoteringa på 36 kroner aksjen frå januar i år.
Industrikonsernet Endúr, der Artec Aqua i Ålesund er viktigaste selskap, har gjennomført ei samanslåing av aksjar. Aksjen har falle over 50 prosent i verdi den siste 12-månadarsperioden og kursen per kvar av dei gamle aksjane var nede i 50 øre ved utgangen av førre veke.
No er fleire aksjar slått saman til ein, slik at kursen for den nye aksjen i dag var 24,06. Færre aksjar auka ikkje verdien på selskapet. Ved slutten av førre veke var kursen på ein ny aksje 24,90 kroner. I dag fall Endúr-kursen 1,60 prosent.
Åtte av selskap på NETT NO si liste fall i verdi på børsen i dag, der hovudindeksen fall med 1,29 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 19,1 | 13,69 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,4 | 8,60 % |
Norva24 Group * | 35,155 | 5,27 % |
Arctic Bioscience | 15,45 | 3,00 % |
Hexagon Composites | 29,04 | 1,89 % |
Hav Group | 14,76 | 1,79 % |
Statt Torsk | 2,34 | 0,86 % |
Hexagon Purus | 28,46 | 0,78 % |
Sparebanken Møre | 75 | -0,66 % |
Nortel | 16,8 | -1,18 % |
Endúr | 24,06 | -1,60 % |
Havila Kystruten | 18,65 | -1,84 % |
Atlantic Sapphire | 21,94 | -1,88 % |
Hofseth Biocare | 3,79 | -2,57 % |
Salmon Evolution | 8,03 | -2,67 % |
Havyard Group | 3,675 | -6,01 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 21.06.2022 17:26
Sist oppdatert: 21.06.2022 17:36