Havila Jupiter 26398100504
ETTERTRAKTA: Få tilgjengelege skip i Nordsjøen pressar ratene oppover. Havila Jupiter (biletet) sette årsrekord i førre veke og tangerte den nye rekorden denne veka. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Tangerer raterekord

Får 2,1 millionar kroner dagen.

21.06.2022

I førre veke sette Havila Shipping-fartøyet Havila Jupiter mellombels årsrekord i Nordsjøen med ein rate på 1,9 millionar kroner dagen.

Rekorden stod ikkje lenge.

No er skipet leigd ut til eit nytt oppdrag, å flytte riggen Stena Spey. Raten er 175.000 pund - 2,1 millionar kroner - per dag. Det tangerer den førebelse årsrekorden som Magne Viking og Loke Viking til Kristiansand-baserte Viking Supply Ships.

Kontrakten for Havila Jupiter er på fem dagar, med høve til å forlenge den i opptil ni dagar, ifølgje meklarselskapet Westshore.

Havila Jupiter vart levert frå Havyard Leirvik i 2010. Skipet er 92 meter langt, 22 meter breidt, og var ved levering av dei kraftigaste ankerhandteringskipa.

Dei to Viking Supply Ships-fartøya er utleigd for å taue og forankre det flytande produksjonsskipet Hawene Brim.

- Slike rater er etterlengta, men med dagens avgrensa tilgang til ankerhandlarar, forventar vi ytterlegare auke, sa administerande direktrø Trond Myklebust i Viking Supply Ships i går.


Publisert: 21.06.2022 10:42

Sist oppdatert: 21.06.2022 10:57