I fjor vår melde Hexagon Purus at selskapet hatt inngått ein avtale med Panasonic om leveransar av battericeller til batterisystema Hexagon Purus lagar.
Ein del av avtalen var at Hexagon Purus skulle betale 43 millionar kroner på forskot, tilsvarande 473 millionar kroner etter dagens kurs.
Etter børsen stengte fredag 25. okotober melde Hexagon Purus at kravet om forskotsbetaling er redusert med 21,5 millionar dollar - tilsvarande 237 millionar kroner.
Hexagon Purus har allereie betalt 8,6 millionar kroner på forskot. Etter at avtalen er endra står det att 142 millionar kroner å betale på forskot.
Leveransar frå 2026
Planen er at Panasonic skal byrje å levere battericeller til Hexagon Purus i 2026-
Batterisystema til Hexagon Purus blir laga i Kelowna, Canada. Panasonic sine battericeller skal produserast i ein ny fabrikk i Kansas i USA og er venta å nyte godt av den såkalla "Inflation Reduction Act" i USA. Lova opnar mellom anna for støttetiltak og reglar som skal lokke batteriproduksjon til USA.
Hexagon Purus er profilerte som eit selskap som lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, men satsar og på batteri.
Ned, opp og ned igjen
Aksjekursen til Hexagon Purus fall frå 11,54 kroner aksje i starten av 2024 til 4,99 kroner i april. 1. oktober hadde kursen klatra til ein ny topp for året, 11,96 kroner, før den starta å falle på ny.
I dag steigh Hexagon Purus-aksjen 5,31 prosent 7,92 kroner aksjen.
Dagens kurs verdset selskapet til 2,2 milliardar kroner.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 3,12 | 7,59 % |
Hexagon Purus | 7,94 | 5,31 % |
Hexagon Composites | 40,40 | 4,94 % |
Arctic Bioscience | 3,00 | 4,90 % |
Norva 24 Group* | 31,65 | 4,11 % |
Endúr | 59,20 | 2,07 % |
Romsdal Sparebank | 122,00 | 0,99 % |
Salmon Evolution | 6,70 | 0,75 % |
Hav Group | 8,68 | 0,23 % |
Sparebanken Møre | 88,20 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 1,48 | -2,63 % |
Atlantic Sapphire | 0,09 | -3,15 % |
Golden Energy Offshore Services | 25,00 | -3,85 % |
Havila Kystruten | 0,67 | -10,19 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 28.10.2024 09:32
Sist oppdatert: 28.10.2024 17:38