Morten Holum Hexagon Purus
AVTALE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum har fått ein langvarig avtale med Panasonic.
Nytt

Sikrar seg battericeller

Betaler 450 millionar på førehand.

18.04.2023

Hexagon Purus har inngått ein avtale med Panasonic som sikrar Hexagon Purus leveransar av battericeller til batterisystema Hexagon Purus lagar.

Avtalen gjeld for fleire år, ifølgje ei børsmelding. Dei første leveransane av battericeller skal skje i 2026. Som ein del av avtalen skal Hexagon Purus førehandsbetale omlag 450 millionar kroner i 2025.

Batterisystema til Hexagon Purus blir laga i Kelowna, Canada. Panasonic sine battericeller skal produserast i ein ny fabrikk i Kansas i USA og er venta å nyte godt av den såkalla "Inflation Reduction Act" i USA. Lova opnar mellom anna for støttetiltak og reglar som skal lokke batteriproduksjon til USA.

Milliardoppdrag
Hexagon Purus er profilerte som eit selskap som lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, men satsar og på batteri.

I januar 2022 varsla selskapet om ei mogleg 10-milliardarkontrakt med ein ikkje namngitt kunde som ville ha batteripakkar til store lastebilar.

Den avtalen blei det ikkje nok av.

I februar varsla selskapet imidlertid at det hadde inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om å levere batteripakkar for rundt ni milliardar kroner frå 2024. 15. mars i år kom selskapet med ei børsmelding om at ein avtale med Hino var klar, med ei potensiell inntekt for Hexagon Purus på 20 milliardar kroner.

Aksjekursen steig
Å få ei sikker forsyningskjede til produksjonen av batterisystem har vore eit viktig mål for Hexagon Purus, seier administrerande direktør Morten Holum i børsmeldinga i dag.

Aksjekursen i Hexagon Purus steig frå 20,70 kroner aksjen ved inngangen til 2023, opp til 35,02 kroner 28. februar. Deretter har det gått mest nedover. Ved børsopning i dag stig kursen 1,89 prosent i høve til i gå, til 24,25 kroner aksjen.

Publisert: 18.04.2023 09:12

Sist oppdatert: 18.04.2023 21:08