Aksjespekulantar posisjonerer seg før Arctic Bioscience kjem med melding om resultat frå stor medisinsk studie.
Aksjekursen i Arctic Bioscience stupte frå 13 til under tre kroner aksjen i oktober i fjor, då Arctic Bioscience kom med nedslåande nytt om sitt potensielle legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis i fjor.
Halvårsresultatet fraå ein internasjonale medisinsk studie viste gode resultat også frå forsøkpersonane som berre fekk eit narremiddel. Dermed var det uråd å fastslå at det silderognbaserte middelet frå Arctic Bioscience har den lækjande funksjonen aksjonærane i selskapet håpar det har.
Etterpå låg kursen i underkant av to kroner aksjen, fram til den byrja å stige igjen etter årsskiftet.
Den medisinske studien er på eitt år, og selskapet har varsla at dei første resultata frå heile studien skal kome i løpet av første kvartal.
Kursauken i år kan forklarast som eit veddemål, der kjøparane satsar på resultatet etter eit heilt år med testing skal gi eit positivt svar.
I så fall er dert nærliggande å tenkje at kursfallet i oktober i fjor blir reversert, og dei som har kjøpt i år får att fleire gangar innsatsen.
- Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 4,00 | 5,26 % |
Hav Group | kr 7,74 | 5,16 % |
Hexagon Purus | kr 1,90 | 4,29 % |
Endúr | kr 77,50 | 1,97 % |
Romsdal Sparebank | kr 129,50 | 1,97 % |
Atlantic Sapphire | kr 4,82 | 1,47 % |
Hofseth Biocare | kr 2,30 | 1,32 % |
Salmon Evolution | kr 6,29 | 0,64 % |
Havila Shipping | kr 1,26 | 0,64 % |
Norva 24 Group* | 36,20 kr | 0,14 % |
Havila Kystruten | kr 0,90 | 0,11 % |
Sparebanken Møre | kr 104,00 | 0,00 % |
Hexagon Composites | kr 24,70 | -0,20 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 17,10 | -6,81 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 18.03.2025 15:27
Sist oppdatert: 18.03.2025 16:56