Måndag kveld kom Arctic Bioscience med dei første resultata frå ein stor studie om eit middel selskapet håpar skal få legemiddelgodkjenning.
Det er basert på silderogn og skal hjelpe mot hudsjukdomen psoriasis.
Etter at alle pasientane har gått gjennom seks månaders behandling er effekten nær nivået som var venta, ifølgje børsmeldinga.
Vil undersøke resultata nærare
Samtidig kjem det fram at ei uventa høg placeboeffekt hindra at dei nådde det «primære endepunktet» - som innebar ei 50 prosents forbetring, skriv selskapet i ei børsmelding.
Selskapet vil undersøke dataene vidare for å finne årsaka til den høge placebo-raten.
Dei understrekar i meldinga at det ikkje har vore noko bekymringar kring sikkerheita eller uventa alvorlege hendingar som er rapportert i samband med studiemedisinen.
Arctic Bioscience-sjefen: «Oppmuntrende»
Studien skal halde fram i nye seks månader og er den første av to slike større undersøkingar Arctic Bioscience må gjennomføre for å kome i mål med eit godkjent legemiddel.
Tidlegare er det anslått at det målet kan vere innan rekkevidde i 2025/26.
«Vi har sterk tillit til vår fosfolipidbaserte teknologiplattform for å løse betennelser. Studien pågår fortsatt, og de lovende effektene som ble observert i behandlingsarmen ved 6-måneders avlesningen er oppmuntrende», heiter det i ei uttale frå Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug i børsmeldinga.
Ettersom studiet framleis går føre seg, opplyser ikkje selskapet numeriske data frå undersøkinga på dette tidspunktet.
Verdsett til 330 millionar
Arctic Bioscience vart børsnotert i februar 2021, med mange investorar på Sunnmøre på eigarsida. Då var kursen 28,50 kroner aksjen, og steig i løpet av ein månads tid til rekordnoteringa 30 kroner.
Deretter fall kursen jamt nedover, til botnnoteringa 7,82 kroner aksjen i oktober 2023.
I sommar låg kursen kring 10 kroner og steig nokre kroner august. Måndag vart Arctic Bioscience-aksjen børstaparen frå Nordvestlandet og kursen enda på 13 kroner. Det verdsett selskapet til knappe 330 millionar kroner.
Publisert: 14.10.2024 20:49
Sist oppdatert: 14.10.2024 20:51