Oslo børs
UENDRA: Hovudindeksen på Oslo Børs var uendra i dag samanlikna med i går. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsmelding: Tøff tilbakemelding frå aksjemarknaden

Hav Group-aksjen med ny botnnotering.

28.11.2024

Den dagen Hav Group la fram kvartalsrapporten for 3. kvartal i førre veke fall aksjekursen frå 8,50 kroner til 7,02 kroner. Fallet har halde fram og og i dag har kursen vore nede i seks kroner aksjen på det lågaste. Då børsen stengte for dagen var kursen 6,30 kroner aksjen. Det er ned 3,08 prosent sidan i går.

I kvartalsrapporten fortalde Hav Group at ordreinngangen framleis er god, men at avtalte prosjekt blir skubba ut i tid. 

Investorane har tydlegvis ikkje funne trøyst i at Hav Group-sjef Gunnar Larsen understrekar at det er snakk om utsette og ikkje avlyste inntekter.

Krev sal av aksjar
Som ein del av forhandlingar om ein nye låneavtale har banken kravd at selskapet sel sine 3,5 millionar aksjar i eige selskap.  Det er inngått avtale med Havila Holding om kjøp til 8,50 kroner per aksje, som nett no er ein overkurs i høve til kva aksjane blir handla til på børsen.

I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.

Hav Group blei børsnotert i mars 2021.

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Atlantic Sapphire0,08 2,56 %
Golden Energy Offshore Services16,45 2,17 %
Havila Shipping2,55 0,79 %
Norva 24 Group*28,900,52 %
Havila Kystruten0,64 0,16 %
Arctic Bioscience1,95 0,00 %
Hofseth Biocare1,31 0,00 %
Salmon Evolution6,62 -0,15 %
Endúr62,90 -0,47 %
Hexagon Composites42,25 -1,52 %
Hexagon Purus5,41 -2,17 %
Sparebanken Møre90,40 -2,38 %
Romsdal Sparebank121,00 -2,39 %
Hav Group6,30 -3,08 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 28.11.2024 15:16

Sist oppdatert: 28.11.2024 16:49

Mer om