Baatbryggeriet foto Baatbryggeriet
BÅTBRYGG: Baatbryggeriet spela på båtbyggjartradisjonen i Vestnes i logoen sin. No er mesteparten av bryggerianlegget seld. Foto: Baatbryggeriet
Nytt

Baatbryggeriet legg ned

Baatbryggeriet på Vestnes har brygga sitt siste øl.

26.10.2022

Koronanedtur, bortfall av distribusjonsavtale, mindre plass i butikkhyllene og ei ølbølgje som ikkje veks lenger gjer at Baatbryggeriet på Vestnes legg ned drifta og avviklar selskapet.

Når inntektene ikkje dekkjer dei faste kostnadane vart avvikling konklusjonen, fortel styreleiar Einar Helge Brennvik i Baatbryggeriet. Han ein av åtte aksjonærar i selskapet.

Storparten av bryggeriutstyret er seld og avvikling skjer i ordna former.

- Ingen taper på dette, heller ikkje vi, seier han.

Først ute
Baatbryggeriet på Vestnes vart etablert allereie før boomen for mindre, lokale bryggeri starta.

Det første Baatbryggeriet blei etablert i 2004, men nedlagt i 2007. Utstyret blei seld til Kinn Bryggeri i Florø, som i dag er ein av dei store småprodusentane i ølbransjen.

- Den nedlegginga angra vi på, sa Brennvik til NETT NO i 2016, då Baatbryggeriet blei starta på nytt.

Topp i 2018
Baatbryggeriet hadde 2,4 millionar kroner i driftsinntekter i 2018. Det var toppen, og etterpå har inntektene falle. I 2021 var inntektene 0,6 millionar kroner og resultatet før skatt blei minus 0,2 millionar.

Eigarane har drive bryggeriet på dugnadbasis og ikkje tatt ut løn.

Publisert: 26.10.2022 12:00

Sist oppdatert: 26.10.2022 12:21