Nett1
PLUSS: Brennevinsgrova er eitt av destilleria som har klart seg bra. No utvidar Harald Strømmegjerde med whiskyproduksjon.
Nytt

Det er pengar i edle dropar

Fleire oppturar – og nokre nedturar for lokale alkoholprodusentar, viser årsresultata.

Sjå fullstendig oversikt over bedriftene nederst i saka.

Utvalet i lokalprodusert øl, cider og brennevin vert stadig større. Fleire og fleire kastar seg inn i kampen om kundane ved å tilby spesielle smakar og teknikkar, og for dei fleste går satsingane bra. For 9 av 13 bryggeri enda fjoråret med overskot.

Tax free-vinnar
Hos Brennevinsgrova på Straumegjerde i Sykkylven har fire driftsår med eksperimentering og produksjon gitt meirsmak.

– Det er steikje artig, og framtida ser lys og travel ut, seier Harald Strømmegjerde, eigar og dagleg leiar av destilleriet.

Sidan etableringa i 2018 har omsetnaden auka jamt og trutt, og enda i fjor på totalt 2,24 millionar kroner med eit resultat før skatt på 774.000 kroner.

I år har forretninga skote ytterlegare fart. I første halvår i år gjekk omsetnaden opp til 1,8 millionar kroner, samanlikna med 600.000 kroner i samme perioden året før.

Størst har auken vore innan segmentet travel retail (tax free), medan salet gjennom Vinmonopolet har gått noko tilbake, opplyser Strømmegjerde.

Hotell og restaurantar har dei lite sal til, utanom nokre restaurantar i Ålesund og omeign.

– Der er det litt upløygd mark som det skal jobbast med framover, seier han.

Whisky med kveik
No prøver bedrifta, som tradisjonelt har produsert ulike typar gin og akevitt under merket Brennevinsgrova, nye produkt. Den 5. oktober lanserer dei sin først whisky – som er nybrottsarbeid på fleire måtar.

– Så vidt eg veit, er dette den første whiskyen i verda som er laga med gardskveik. I dette tilfellet er det brukt en type fra Raftevold gard i Horningdal. Det er ein liten batch på 300-400 flasker, men han vert nok ikkje gammal før han vert ribba vekk, trur Strømmegjerde.

I første omgang er det knytt spaning til korleis kveik-whiskyen frå Hornindalen vert teken i mot. I whiskyproduksjon må ein tenkje langsiktig, for lagringsprosessen som gir den særeigne smaken kan ein ikkje framskunde.

Whiskyen som no er klar, har allereie bikka tre år. Seinare kjem det andre whiskyar som i dag ligg og godgjer seg i tønnene.

Nett2
SATSAR: Harald Strømmegjerde satsar no på whiskyproduksjon. Første batch har kveik frå Hornindal.

Langsiktig prosjekt
– Whisky er eit langsiktig prosjekt. Det er ikkje inntekter der på lang tid. Sjølv om ein øker produksjonen, vil det ikkje gje inntekter før det har gått minst tre år. Vi vil framleis køyre på med gin. Det kjem stadig nye framover, seier Strømmegjerde.

– Whiskyproduksjonen no er mest for å teste smakar, prøve produksjonen og gje kundane noko å sjå fram til. Både med røykt og urøykt smak. Delar av maltet som er brukt er byggkorn frå Sunndalsøra som er malta og røykt i Brennevinsgrova. Torva til dette er henta lokalt frå Straumgjerde, sier han

Det vert laga forskjellige batcher for å teste kvaliteten i internasjonale konkurranser framover. I årets World Whisky 2022 i London tok Brennevinsgrova «Peated Newmake» ein sølvmedalje, noko dei ser på som veldig lovande for si whisky-satsing.

Eplecider og eksterne investorar
Det vert satsa på fleire frontar på Straumegjerde. Bedrifta har planar om å ekspandere produksjonen, så Strømmegjerde arbeider for tida med å få på plass eksterne investorar og godkjenningar for å etablere eit nytt bygg for tappelinje, besøks- og serveringslokale, eplebearbeiding og siderproduksjon parallelt med gin-destilleriet.

I tillegg er godkjenninga er allereie på plass for å plante epletre til ei større cidersatsing.

– De har langsiktige planar, for epletrea som plantast gir vel heller ikkje avlingar med ein gong?

– Om ein plantar toårsplantar, byrjar ein få avlingar allereie på tredje året. Ein treng ikkje vente like lenge med cideren som på whiskyen. Ein kan byrje teste smaksprøver i det små allereie etter eit par år, seier Strømmegjerde.

Etter fire driftsår, synest han det har vore givande å bryggje og destillere seg fram til produkt og smakar som kundane set pris på.

– Vi har veldig mange planar framover, og det vert spanande. Det er veldig artig at ein kan halde på, og at folk synest det er interessant og vil kjøpe det.

Les også

Tilbakeslag
For Gardsbrenneriet på Sandane førte leverandør-krøll til eit saftig underskot i fjor. I år satsar dei friskt med fleire nye produkt.

Gardsbrenneriet har i ti år bygd opp ein stadig veksande produksjon av eplemost, sider, likørar og brennevin, mykje selt under merkenamnet Attåt.

I juli i fjor sa dagleg leiar og medeigar Jann Vestby til NETT NO at det låg an til å verte ti millionar i årsomsetnad og overskot i kassa. Slik vart det ikkje. I staden enda omsetnaden på 7 millionar kroner, og resultatet før skatt vart -1,8 millionar.

(saka held fram under)

Gardsbrenneriet 89
DUO: Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad driv Gardsbrenneriet på Sandane.

Ifølgje Vestby skuldast underskotet i fjor eit problem med hovuddistributøren.

Etter å ha etterlyst salstal frå distributøren i lenger tid, fekk Gardsbrenneriet til slutt opplyst frå Vinmonopolet at det ikkje var samsvar mellom bestillingane og det som vart levert frå distributøren.

– Dei leverte ikkje varer for over 3,5 millionar kroner. Forklaringa var at det var pandemirelatert. Det var så stor pågang at dei ikkje greidde å plukke, og så ofra dei våre varer mot dei store basislistingane. Dette vart Gardsbrenneriet ikkje klar over før i midten av november i fjor, seier Vestby til NETT NO.

– Vi fekk eit skikkeleg underskot i fjor basert på det. Men vi har gode samarbeidspartnarar som gjorde at vi kom oss gjennom det, og vi tok tilbake distribusjonen frå distributøren. No køyrer vi eigen distribusjon og byggjer oss opp att. Dessverre vart det ein stor jobb å byggje opp att, for marknaden var støvsugd for våre varer i lang tid. Vi hadde produkta på lager, men dei kom ikkje ut.

Eitt steg tilbake, to steg fram
No vel Vestby å sjå framover. Det siste året har bedrifta teke fleire grep for å auke produksjonen. Allereie er dei nær totalomsetnaden for fjoråret, og målet er – igjen – å passere ti millionar kroner i løpet av året.

– Vi vann ein del anbod i fjor og landa endå fleire i år. Det har vore god salsauke basert på dei.

Størstedelen av varene til Gardsbrenneriet vert i dag selt gjennom Vinmonopolet. I år satsar dei i tillegg mot daglegvaremarknaden, mellom anna med lansering av tre typar champagneflaske-siderar gjennom Meny-kjeda denne veka.

– Så skal vi byggje opp samarbeid med Coop Nordvest. Det kjem meir i daglegvaren etter kvart. Vi vil etter kvart få ein del avtalar i sirkulasjon og sjå auke i omsetnad der.

(saka held fram under)

Gardsbrenneriet dronefoto utan logo 3
DYRKING: Gardsbrenneriet på Sandane utvidar produksjonen, men gjekk på ein smell i fjor. Årsaka var utfordringar med ein distributør.

Samstundes understrekar Vestby at det tek tid å hente seg inn att. Ikkje minst må dei få tilbake marknadsposisjonen som vart forsømt då distribusjonen svikta.

– Når ein mister hylla si på Vinmonopolet, må ein jobbe for å få den tilbake. Vi hadde bygd dette opp over mange år.

I år har dei også teke i bruk eit nytt lokale som skal hjelpe med å auke linjeproduksjonen, effektiviteten og volumet.

– Det vert spanande å sjå ved årsslutten om vi treng meir tid for å byggje meir volum for å ta inn att investeringa i fjor.

Vil ha lov-revisjon
Som gründer innan sider og brennevin, med stadige lanseringar av nye produkt, ligg ei av dei store utfordringane til Gardsbrenneriet i lovverket.

– På grunn av reklameforbodet, har vi ingen kanalar der vi lovleg kan seie at vi har produkta. Det må i staden gå på rykte. Ingen andre bransjer i Noreg har det på denne måten. Samstundes kan konkurrentar med fabrikkar i utlandet skrive kva dei vil på sosiale medier og andre plassar.

(saka held fram under)

Gardsbrenneriet 32
ATTÅT: Gardsbrenneriet lagar produkt under merkenamnet Attåt. Ifølgje Vestby er det ei stor utfordring å få fortelje kundane om produkta på grunn av strenge reglar.

– Burde regelverket verte mjuka opp?

– Lova om reklameforbod vart laga for mange tiår sidan, då Internett ikkje fanst. Slik verda er i dag, burde det kome ein gjennomgang og standardisering, så vi stiller likt med resten av verda. Internett er globalt, og vi tapar no terreng mot store merkevarer. Det er ikkje heldig. Det går ut over norsk verdiskaping og støttar opp om utanlandsk import, seier Vestby.

– Eg trur det må gå an å finne løysingar utan at det fører til eit totalt sett meirforbruk av alkohol i Noreg. Informasjonen er der allereie frå alle dei andre, det er berre dei norske som vert utelukka, seier Vestby.

Trass vanskar med marknadsføringa, reknar altså brenneriet å vekse kraftig i åra som kjem.

– Greier vi å nå måla våre i år, opnar det for å ta Gardsbrenneriet til neste steg.

Resultatoversikt brenneri og bryggeri på Nordvestlandet:

Brenneri og bryggeri på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
Driftsinntekt
Res. f. skatt
2021202020212020
Gardsbrenneriet as7,35,3-1,8-0,1
Trollbryggeriet as3,83,40,30,2
Brennevinsgrova as2,31,70,80,7
Geiranger Bryggeri as2,22,40,40,2
Tonga Gardsbryggeri as1,61,30,020,2
Kaab Bryggeri as1,30,20,3-0,1
Olden Bryggeri as0,90,60,20,03
Sider as0,910,02-0,2
Baatbryggeriet as0,60,8-0,20,1
Haula Vineyard0,40,60,040,1
Bryggeri 514 as0,10,2-0,020,04
Marias Ampelos as0,070,20,02-0,01
Sum21,4717,70,081,16
Molo Brew as*1312,4-0,04-0,03
Aske Bryggeri*44,1-2,6-1,4
*Kombinert serveringsbedrift og bryggeri

Publisert: 10.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 19.10.2022 08:42

Mer om