ALUSAFE CAT 18 EL 2
BERRE BATTERI: Maritime Partner i Breivika i Ålesund skal byggje sin først passasjerkatamaran for rutetrafikk som skal basere seg berre på batteridrift. Illustrasjon: Maritime Partner
Nytt

Banebrytande kontrakt for Maritime Partner

Byggjer batteridriven passasjerkatamaran.

21.04.2022

Den knappe 20 meter lange passasjerkatamarane i aluminium skal frakte inntil 75 passasjerar og gå i rute på Reinefjorden i Lofoten for Moskenes Shipping.

Frå 2023 har reiarlaget ein ti års kontrakt med Nordland Fylkeskommune om drift av båtruta frå Reine og plassane Rostad, Kirkefjord og Vinstad.

- Dette er ein viktig kontrakt for Maritime Partner, og ein milepel sidan det er den første elektriske katamaranen vi byggjer for det grøne skiftet, seier Anders Bjørdal, Area Sales Manager i Maritime Partner i ei pressemelding.

Nesten fullbooka inn i 2023
Maritime Partner hadde ein elendig ordreinngang i første halvår i fjor, men i andre halvår tok det seg kraftig opp, fortalte daglig leder Peder Myklebust til NETT NO i januar i år.

Den gode ordreinngang har halde seg inn i dette året.

- Vi er fullbooka - med nokre mindre hol - til godt inn i første kvartal 2023, seier dagleg leiar og medeigar Peder R. Myklebust i dag.

Kontakten med Moskenes Shipping er på omlag 40 millionar kroner, ifølgje Myklebust.

Ny marknad
Andreas Bjørdal i Martime Partnar håper kontrakten med Moskenes Shipping og erfaringane med det nye fartøyet skal gjere at også andre reiarlag som driv passasjertrafikk i kortare ruter vil velje fartøy med batteridrift.

Passasjerkatamaranen til Moskenes Shipping er teikna av skipsdesignar Ola Lilloe-Olsen, som også tidlegare har teikna for Maritime Partner.

Framdriftsanlegg og batteripakke blir levert av ABB. Båten skal ha ein marsjfart på 12 knop. Ruta er omlag 22 kilometer lang, og får ein ladestasjon.

Publisert: 21.04.2022 10:28

Sist oppdatert: 21.04.2022 11:24

Mer om