MVE april 2022
SAME BANK: Konsernsjef Jan-Frode Janson (t.v) i Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset har fått styre-ja til intensjonsavtale om samanslåing. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bankar vil gå saman

Intensjonsavtale om samanslåing mellom Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre.

20.06.2022

Styra i begge bankane har vedtatt intensjonsavtalen i dag, skriv bankane i ei børsmelding.

- Vi meiner bankane står betydeleg sterkare saman enn kvar for seg, seier styreleiar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Kjell Storeide i ei pressemelding frå banken.

Les børsmelding her

Går alt etter planen kan generalforsamlingane i dei to bankane gjere vedtak om samanslåing seint i haust.

Største eigar
Sparebank1 Søre Sunnmøre er i dag 90 prosent sjølveigande, medan ei gruppe investorar eig 10 prosent gjenniom såkalla eigenkapitalbevis - som tilsvarar aksjar.

Etter samanslåinga skal den sjølveigande kapitalen i Sparebank1 Søre Sunnmøre leggast inn i ei sparebankstifting, som kjem til å bli største eigar i den samanslåtte banken.

Den stiftinga skal styrast frå Volda. Verdsetjinga av Sparebank1 Søre Sunnmøre, og dermed stiftinga, er ein del av dei vidare forhandlingane.

Eigen divisjon
Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset skal inn i konsernleiinga om bankane blir slått saman. Planen er å organisere verksemda på søre Sunnmøre og i Fjordane (nordre del av Sogn og Fjordane) som ein eigen divisjon, med leiing i Volda.

Eitt av poenga med samanslåinga er å styrke banken i Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden.

Den samanslåtte banken vil ha 1621 tilsette fordelt på over 50 kontor, med Førde som det sørlegaste.

Publisert: 20.06.2022 08:00

Sist oppdatert: 20.06.2022 09:05

Mer om