Etter å ha tapt i lagmannsretten tilbaud Nergårdskonsernet å betale Pelagia 50 millionar kroner for å få striden om Nergård sitt fiskemjøl- og fiskeoljeanlegget i Vågsøy ut av verda. Tilbodet vart avslått på dagen, skriv Nergårdkonsernets advokat Vidar Riksfjord i ei pressemelding.
"Det er tydelig at Pelagia ønsker å opprettholde sin enerådende markedsposisjon så lenge som mulig, uansett hvilke konsekvenser dette får for lokalmiljøet i Måløy og konkurransen i markedet", skriv han i pressemeldinga.
Då byggeplanane vart kjende gjekk Pelagia til sak mot Nergård for å få stoppa fabrikken. (Les alt om striden under Relaterte saker)
Pelagia meiner det er ein konkurranseklausul på eigedomen og fekk medhald i lagmannsretten etter å ha tapt i tingretten.
Bak Pelagia står Austevoll Seafood, med Møgsterfamilien i spissen og Salmar-storeigar Gustav Witzøe sitt investeringselskapet Kvefi.
Tidlegare Welconeigar Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold er storeigarar i Nergårdkonsernet.
Då striden var oppe i tingretten i fjor var bygginga av anlegget godt i gang og då lagmannsretten handsama saka var anlegget i drift.
Dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande må Nergårdkonsernet avvikle drifta. Då er demontering av anlegget og flytting til eit anna området eitt alternativ.
I følgje pressemeldinga vil Nergårdkonsernet satse vidare på produksjon av fiskemjøl og fiskeolje uansett utfallet i rettsvesenet.
"Det er tydelig at Pelagia ønsker å opprettholde sin enerådende markedsposisjon så lenge som mulig, uansett hvilke konsekvenser dette får for lokalmiljøet i Måløy og konkurransen i markedet", skriv han i pressemeldinga.
Konkurranseklausul
Nergård-konsernet har investert minst 250 millionar kroner i fiskemottaket og produksjonsanlegget for fiskemjøl og -olje, som ligg rett ved sidan av Pelagia sine anlegg i Vågsøy. Anlegget vart opna tidleg i år.Då byggeplanane vart kjende gjekk Pelagia til sak mot Nergård for å få stoppa fabrikken. (Les alt om striden under Relaterte saker)
Pelagia meiner det er ein konkurranseklausul på eigedomen og fekk medhald i lagmannsretten etter å ha tapt i tingretten.
Bak Pelagia står Austevoll Seafood, med Møgsterfamilien i spissen og Salmar-storeigar Gustav Witzøe sitt investeringselskapet Kvefi.
Tidlegare Welconeigar Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold er storeigarar i Nergårdkonsernet.
Vil halde fram
Pelagia-sjef Egil Magne Haugstad sa til NETT NO då dommen kom at han ventar at Nergård legg ned drifta av fabrikken.Då striden var oppe i tingretten i fjor var bygginga av anlegget godt i gang og då lagmannsretten handsama saka var anlegget i drift.
Dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande må Nergårdkonsernet avvikle drifta. Då er demontering av anlegget og flytting til eit anna området eitt alternativ.
I følgje pressemeldinga vil Nergårdkonsernet satse vidare på produksjon av fiskemjøl og fiskeolje uansett utfallet i rettsvesenet.
Publisert: 23.08.2016 09:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59