Inntekten frå fiskeindustriverksemda sto for omlag 90 prosent av omsetninga til det familieigde Koppernæs-konsernet i Ålesund i fjor.
I 2022 kjøpte konsernet ut dei danske mindretalsaksjonærane i fiskeindustriselskapet TripleNine og blei eineeigar i selskapet. I tillegg til fiskemjøl- og fiskeoljeprodusenten på Vedde i Sula omfattar TripleNine ein fabrikk i byen Lota i Chile og to anlegg i Danmark, i høvesvis Esbjerg og Thyborøn. I tillegg eig konsernet 45 prosent av Fosnavåg Pelagic, som tek i mot og foredlar sild og makrell.
Tresifra millionoverskot
Dei tre siste åra har Koppernæskonsernet hatt tresifra millionoverskot, med 2023 som rekordåret så langt (sjå tabell). I år er det både lågare prisar og mindre volum, som gjer at Koppernæs-konsernet ventar redusert lønsemd samanlikna med 2024:
"2025 forventes å bli et svakere år enn 2024. Divisjonen planlegger å prosessere omtrent samme råstoffmengde som i 2024, men forventer å bygge opp igjen lagrene fra et lavt nivå... Lageroppbygging, tøff konkurranse om råstoff og normaliserte priser på fiskeolje vil derfor ha negativ innvirkning på resultatet i 2025 sammenlignet med 2024",
Koppernæs-konsernet si fiskeindustri-satsing er samla i datterselskapet Koppernæs Protein.
Industri, handel og eigedom
Koppernæs-konsernet står på tre bein. I tillegg til fiskeindustri er det industri-/handelsverksemd retta mot både insutri og buggebransjen gjennom datterselskapet Koppernæs Fastener og eiendomsinvesteringar gjennom Koppernæs Eiendom.
Kjøpte ut småaksjonærar
På tampen av 2024 vart det gitt eit tilbod til aksjonærar om å selge aksjar til selskapet. 12 mindre aksjonærer selde seg ut, 10 av dei heilt ut.
Selskapet kjøpte i alt 9860 aksjar, og sletta dei, slik at eigarskapen no er fordelt på 209.740 aksjar.
I alt fekk dei betalt 79 millionar kroner for aksjane sine i ein transaksjon som verdsette selskapet til 1,7 milliardar kroner, gitt at alle aksjane vart seld til den prisen. (Eit samla sal ville sannsynlegvis gitt ein høgare pris fordi kjøparen då også får kontrollen over selskapet).
Per i dag har konsernet 22 aksjonærar med nestleiar i styret, Astrid Koppernæs sitt selskap Stella Holding I som den største, med 38,13 prosent av aksjane. Styreleiar Hans Petter Koppernæs sitt selskap Popcorn eig 19,76 prosent og der same gjer Caesar K Invest, som er eigd av Elisabeth Skarbøvik Koppernæs og Hans Petter Koppernæs.
| Koppernæs as (konsern) | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 4977,1 | 4937,3 |
| Driftsresultat | 277,3 | 478,6 |
| Resultat før skatt | 193,2 | 387,8 |
Publisert: 05.08.2025 15:22
Sist oppdatert: 05.08.2025 15:22






