Skogstad har produksjon i Kina og uteproduksjon er ikkje utan minus. Utviklinga i kronekursen har gjort det dyrare å importere kle til Noreg. Frå 2014 til 2015 steig varekostnaden rundt 40 prosent. Det har Skogstad Sport ikkje greidd å kompensere for ved å legge på prisane.
2014 blei eit minusår, og også 2015-rekneskapen viser underskot. Omsetninga gjekk ned frå 107 millionar til 104 millionar og driftsresultatet vart eit underskot på 1,9 millionar. Det er imidlertid 1,5 millionar bedre enn 2014. Resultat før skatt vart eit underskot på 3 millionar, og som er ei bedring i forhold til året før (sjå tabell).
-Tiltak som vart sette i verk i 2015 med reduksjon av tilsette, kostnadsreduserande tiltak samt prisauke på produkta, får full uttelling i 2016 og gir bedre inntening, skriv dei i årsmeldinga.
I vår hadde selskapet 24 tilsette.
- Det apparatet vi har i Kina er veldig velfungerande og vi har eit nært samarbeid med fabrikkane, sa Skogstad til NETT NO tidlegare i år.
Auka kostnadar i Kina og behovet for å kutte tida frå fabrikk til butikk ligg bak at Moods of Norway flyttar produksjon frå Asia til Portugal, Italia og Tyrkia.
Skogstad har vurdert fleire alternative produksjonsland, også i Europa, men har konkludert med at det langvarige samarbeidet med fabrikkane i Kina er det som passar best. Som produsent av fritids- og barnekle har ikkje Skogstad det same behovet som Moods of Norway for å kome raskt ut i butikkane med nye kolleksjonar, meiner Skogstad.
Det var i løpet av 90-talet at Skogstad Sport la ned all produksjon i Innvik og flytta den til Kina. På topp var dei litt over 30 tilsette i fabrikken. På 90-talet var det som var att av norske klesprodusentar på full fart ut av landet. Skogstad var ikkje noko unntak, sjølv om avgjerda satt langt inne. I 1998 var det heilt slutt på sying i Noreg.
2014 blei eit minusår, og også 2015-rekneskapen viser underskot. Omsetninga gjekk ned frå 107 millionar til 104 millionar og driftsresultatet vart eit underskot på 1,9 millionar. Det er imidlertid 1,5 millionar bedre enn 2014. Resultat før skatt vart eit underskot på 3 millionar, og som er ei bedring i forhold til året før (sjå tabell).
Pluss i 2016
Resultatet av færre tilsette og andre kostnadskutt har byrja gi resultat, og i år venter styret i Skogstad økt omsetning og bedre resultat.-Tiltak som vart sette i verk i 2015 med reduksjon av tilsette, kostnadsreduserande tiltak samt prisauke på produkta, får full uttelling i 2016 og gir bedre inntening, skriv dei i årsmeldinga.
I vår hadde selskapet 24 tilsette.
Blir værande i Kina
Medan Moods of Norway flyttar storparten av produksjonen frå Asia til Europa, vil Skogstad Sport bli verande i Kina.- Det apparatet vi har i Kina er veldig velfungerande og vi har eit nært samarbeid med fabrikkane, sa Skogstad til NETT NO tidlegare i år.
Auka kostnadar i Kina og behovet for å kutte tida frå fabrikk til butikk ligg bak at Moods of Norway flyttar produksjon frå Asia til Portugal, Italia og Tyrkia.
Skogstad har vurdert fleire alternative produksjonsland, også i Europa, men har konkludert med at det langvarige samarbeidet med fabrikkane i Kina er det som passar best. Som produsent av fritids- og barnekle har ikkje Skogstad det same behovet som Moods of Norway for å kome raskt ut i butikkane med nye kolleksjonar, meiner Skogstad.
Kontor i Kina
Selskapet har kontor i Kina med eigne tilsette for å følgje opp produksjonen, og det er litt av nøkkelen til at selskapet er nøgd med å vere i Kina.Det var i løpet av 90-talet at Skogstad Sport la ned all produksjon i Innvik og flytta den til Kina. På topp var dei litt over 30 tilsette i fabrikken. På 90-talet var det som var att av norske klesprodusentar på full fart ut av landet. Skogstad var ikkje noko unntak, sjølv om avgjerda satt langt inne. I 1998 var det heilt slutt på sying i Noreg.
Reduksjon av tilsette, kostnadsreduserande tiltak, samt prisauke på produkta, får full uttelling i 2016
Publisert: 12.08.2016 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59